Blir rapporten godkjent av styret neste fredag, skal den ut på høyring blant kommunar og andre relevante instansar i fylket.

Det er knytt stor interesse til korleis ambulansetenesta og legevaktene, som samla utgjer dei prehospitale tenestene, skal driftast i framtida. Rapporten som no blir lagt fram, inneheld ei mengd interessante grunnlagsdata og vurderingar, og dannar grunnlag for neste fase i utviklingsprosjektet.

I rapporten finn du aktivitetstal for både bil-, båt- og luftambulansar, omtale av bemanning og vaktordningar, korleis andre helseføretak løyser tilsvarande utfordringar, korleis det akuttmedisinske samarbeidet er med legevaktene ute i kommunane, økonomisk grunnlag for framtidig drift, medarbeidarsynspunkt, brukarundersøking og mykje meir.

–Samarbeidet med kommunane er ein nøkkelfaktor når denne tenesta skal utformast for framtida. Vi er alle ein del av den offentlege helsetenesta, og for å få eit vellukka resultat må vi ha evne til å14:09 16.03.2018 sjå og forstå kvarandre sine utfordringar, seier Trine Vingsnes, som er direktør i kirurgisk klinikk i Helse Førde. – Verken Helse Førde eller kommunane kan aleine klare å nå alle målsetjingar, men ved å arbeide saman om dette sikrar vi trygge og gode prehospitale tenester.

Etter styrebehandlinga 23. mars skal rapporten ut på høyring i seks veker, og deretter tilbake til styret i Helse Førde i juni. Då blir vegen vidare å utarbeide meir detaljerte alternative modellar, og vedta ein av dei som skal innførast i løpet av 2019.

Her finn du høyringsutkastet til planen