Reinseanlegget på Nor er plassert i eit spesielt bygg med bølgjeforma tak. Bygget er om lag 300 kvadratmeter stort, og inneheld i tillegg til rom for dei store røyrinstallasjonane og sjølve reinseanlegget også eit lite møterom med kontorfasilitetar og tekjøkken, kjemikalierom med tank for «vannglass» og også eit rom med eit stort naudstraumsaggregat som kan takast i bruk dersom straumen blir borte.

Spesiell takform

Stårheim Bygg er hovudentreprenør og har jobba på om lag eitt år med reinseanleggsbygget på Nor. Johnsen fortel at det har vore ein del ekstra arbeid med betongstøypinga på grunn av den spesielle takformasjonen. Taket har ei bua form og er dekt med lettakelement.

Ytterveggane er betong og kledd med petalpanel, ein type aluminiumskledning som er vedlikehaldsfri.

– Når det blir montert om vinteren, er det litt ekstra utfordrande. Det er litt meir måling og styr. Du må vere veldig nøyaktig og ta høgde for at aluminium utvidar seg. Den kan gå veldig mykje, 2 mm per meter, forklarer Johnsen.

– Eit greitt oppdrag. Eid kommune er veldig ryddige å ha med å gjere, skryter han.

– Kjekt og interessant

Inne i bygget held tre karar frå Caverion på med elektriske installasjonar. Bas Rune Kroken fortel at det er ganske omfattande og litt utfordrande arbeid. – Det er kjekt og interessant, ganske lærerikt arbeid, tykkjer Caverion-lærling Henrik Myklebust.

Fleire delprosjekt

Bygginga av det nye Nordfjordeid vassverk omfattar fleire delprosjekt:

*Overføringsleidning vart bygt saman med gang- og sykkelveg på strekninga Hjelle-Langeland og vart ferdig i desember 2014.

*Det er bygt overføringsleidning frå Langeland til høgdebasseng på Myklebustsætra (Tsjernobyl) inkl. nytt høgdebasseng nedst i Hogaåsen.

* Det er bygt overføringsleidning i Mogrenda og høgdebasseng i Leivdalen.

*Siste delen av prosjektet er reinseanlegg m/leidningar på Nor.

*Den samla kostnaden med utbygginga av Nordfjordeid vassverk er om lag 80 millionar kroner.

SISTE DEL: Utbygginga av Nordfjordeid vassverk omfattar fleire delprosjekt. Siste delen av prosjektet er reinseanlegg m/leidningar ved Hornindalsvatnet på Nor. Foto: Anna Wuttudal
RESERVESTRAUM: Her er eige naudstraumsaggregat, i tilfelle straumen forsvinn. Foto: Anna Wuttudal
TENKJER FRAMOVER: Ei eiga pumpe går til høgdebassenget i Leivdalen. Her er det også plass til pumper for å forsyne Heggjabygda, og ein har tenkt på mogelegheit for vassleidning til Nes. Foto: Anna Wuttudal
ETTER PÅSKE: Prosjektleiar Einar Hessevik opplyser at planen er testkøyring av prosessanlegget like over påske, i første omgang blir det testing mot ein brannhydrant ved anlegget. Foto: Anna Wuttudal