Dette uttalar Eid-ordførar Alfred Bjørlo i samband med SSB sine ferske tal om sysselsetting og pendling mellom kommunar.

– Nøkkelen til ei dramatisk endring vil vere brua, heilt klart. Nordfjordeid og Sandane er dei to tettstadane som ligg så nær geografisk at det kan få store utslag med betre kommunikasjonar. Først då vil det vere realistisk å nærme seg like godt integrerte arbeidsmarknader som ein ser til dømes i Volda/Ørsta. I første omgang blir det spennande å sjå kva innverknad 20-minuttsavgangar på Lote-Anda vil få i tida framover, seier Alfred Bjørlo.