– Akuttberedskapen gjeld utanom ordinær kontortid, presiserer Bjarte Gangeskar, som har det faglege og administrative ansvaret for beredskapen.

Ikkje mange

Beredskapen har vore i drift frå 3. april i fjor for Eid, Gloppen og Stryn. Sidan den tid har det vore registrert 13 førespurnader til akuttberedskapen: Eid 6, Stryn 2, Gloppen 4 og anna 1.

– Dette er ikkje eksepsjonelt mange, og er mindre enn eg hadde trudd. Ingen av desse sakene førte til akuttvedtak, seier han.

Av dei som har nytta beredskapsvakta er det mest private personar, men også politi, legevakt, BUP og fosterforeldre.

Forsvarleg teneste

– Utgangspunktet er at kommunane skal ha ei formell organisering av barnevernet som sikrar ei forsvarleg teneste også utanom kontortid. Sentrale krav er tilgjenge og rett kompetanse. Gloppen, Eid og Stryn gjekk difor saman om å løyse dette, og var einige om prosjektet om å bygge opp utan formalisert beredskap. Vi ønskte å prøve ut i liten målestokk. Vi blei først i Sogn og Fjordane, til å få dette på plass. Frå 1.1.18 skal alle kommunane i fylket ha liknande ordningar, fortel han.

Selje med

Det nye er at også Selje no inngår i beredskapen.

– Kommunesamanslåing mellom Selje og Eid kom på bana. Dette var ikkje ein del av tenkinga vår, og spørsmålet var kva vi gjer når Selje blir ein del av Eid. Ganske tidleg inviterte vi difor Selje til å vere med. Så no er også dei ein del av dette. og vi var nyleg til Selje for å lære oss det geografiske i Selje og apparatet i Selje å kjenne, seier barnevernsleiar Gangeskar.

Erfaringar

– Vi har erfaringar frå april til i dag, og dei er interessante. Det stadfestar at det framleis er eit lågfrekvent behov. Vi har valt ei ordning der vi er tilgjengelege på telefon med ein seks vekers turnus med barnevernspersonell som svarar. Vi har ei ringeliste å gå etter. Dette hadde vore uoverkomeleg for ein åleine, påpeikar Gangeskar, som har 15–16 namn på ringelista.

– Vi er klokkeklare på at vi ikkje skal ta vekk ressursar frå det aktive førebyggande barnevernet. Det skal ikkje gå ut over dette. Og det er eit dilemma vi heile tida må vere klar over. Vi meiner den vaktordninga vi no har laga til er tilstrekkeleg. Vi registrerer at Sunnfjordkommunane har inkludert Vågsøy som skal inn i Kinn. Deira beredskap vil bestå av 11 kommunar, fortel Gangeskar. Han presiserer at ordninga Eid, Gloppen, Stryn og Selje er saman om gjeld akutt beredskap, og er ikkje utvida opningstid.