Det kan gå mot ei løysing for dei 18 Bryggja-elevane som har søkt seg til Stårheim skule. I går kom ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad, og ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, fram til ei avtale der Vågsøy kommune skal kompensere for elevane.

Dette gjeld halvanna år, skuleåret 2018/19 og hausten 2019. Fram til Bryggja blir ein del av Stad kommune frå 1. januar 2020.

I pengane ligg det inne litt over ein million for ei stilling i halvanna år. Samt 7500 kroner per elev per år i materialkostnader, ein samla sum for halvanna år på 202.000 kroner.

Dette er ei løysing som rådmennene i Eid og Vågsøy blei einige om på måndag denne veka. I går var det altså ordførane sin tur å blei einige i denne skulestriden som har eksistert ei stund.

I dag vedtok eit samla kommunestyre i Eid å gå inn for denne løysinga. Og no er det opp til resten av politikarane i Vågsøy å bestemme seg for at dette er vegen å gå.

-Vi har sjølvsagt ikkje eit endeleg vedtak før politikarne i Vågsøy har sagt sitt, seier ordførar Bjørlo som no likevel ser lys i tunnelen etter å ha kome fram til ei semje med ordføraren i Vågsøy.

Endring i saka kom for alvor då dei blei klart at så mange som heile 18 Bryggja-elevar har søkt seg til Stårheim skule.

Frå ordførar Bjørlo si side blir det likevel understreka at i vedtaket i Eid kommunestyre ligg det inne eit punkt to der ein oppmodar at Bryggja skule skal få bestå fram til den nye kommunestrukturen blir realisert om halvanna år.

Ordførar Alfred Bjørlo ser no lys i tunnelen i høve til skulestriden på Bryggja, då Vågsøy-ordføraren vil støtte elevar som vil til Stårheim.