Brannen oppstod inne i eit produsjonslokale for båtar, og naudetatane rykka ut litt før klokka halv elleve i går kveld.

Den vart oppdaga av naboar som gjorde ein svært god innsats med å begrense omfanget av brannen fram til brannvesenet kom. Skadane på bygningen er difor avgrensa, melder politiet som vil opprette sak og etterforske årsaka til brannen.

Det var ein del røyk på staden, men politiet vurderte det som ufarleg så lenge røyken gjekk rett til vêrs.

Då politi og brannvesen kom til staden i går kveld var det flammer ut av eit vindauge.