– Vi blir større og større. I fjor hadde vi ei omsetning på 6,7 millionar kroner. Det er kjempebra, og er ein million kroner meir enn Amfi budsjetterte, smiler eigar og dagleg leiar Anita Førde. Ho overtok Sjøkanten 1. januar i fjor.

Fullt med folk

– Vi utvidar no kafeen med tjue kvadratmeter fordi vi ser behovet for det. Det er rett og slett fullt med folk på dei beste dagane og i rushtida, og det er sjølvsagt veldig kjekt. Vi har mange faste og ein del tilreisande kundar, og er den einaste kafeen på senteret. Med fleire kundar så kan vi også ha fleire folk på jobb, og det vert vinn-vinn for alle, seier ho.

Nye kafemøblar er bestilt hos Feel Free Production i Holmøyane.

– Det blir ein moderne stil, med assosiasjonar for det maritime ettersom vi vender oss mot sjøsida. Det vert bølgete, røft og ekte, fortel Førde.

Kakesatsing

No satsar dei også på å ta imot kakebestillingar.

– Vi ser at det er behov for det. Eg sjølv er kokk, men kaker er ikkje min lidenskap, og vi har ikkje kome i gang med kakebestillingar tidlegare. No har vi endeleg fått tak i bakar/konditor, og har tilsett Brenda Torheim. Ho er knallflink med kaker, og er opptatt av at kakene skal sjå spesielt fine ut, fastslår Førde.

Heimelaga

Sjøkanten set si ære i at alt dei serverer skal vere heimelaga.

– Vi sel med stoltheit og skal ikkje ha det alle andre har. Vi har også alt av rundstykke ferske frå Minibakeriet, seier Førde.

Ho kan konstatere at Sjøkanten er også den som sel mest softis av Hennig Olsen.

– Litt av bakgrunnen til det er nok at vi brukar softis i vår populære milkshake, og den sel vi mange av, smiler Førde. Sjøkanten har i dag elleve tilsette inkludert ekstrahjelper.

– Vi har mange vaksne, eldre og ein del barn som kundar. Her er lite ungdom, men vi ønskjer å dekke alle. Difor kjem vi etter kvart til å ha pizzahorn og snurrar. Innan ein månad har vi det på plass, så kanskje vi kan trekke til oss ungdomsgruppa også, seier Førde.

– Alt vi har skal vere heimelaga og av god kvalitet. Vi har allereie skifta ut kjøtet til hamburgar, som i dag vert laga av kjøtdeig frå grasfora dyr. Smaken avgjorde og vi merka utruleg stor forskjell, hevdar ho.

Med ny konditor på plass er det duka for søte freistingar på Sjøkanten.