Det største Sigdestad Kraftverk AS skal gjere vatnet i Storelva om til kraft. Kraftstasjonen ligg eit par hundre meter ovanfor brua mellom Myklebust og Sigdestad.

Utbygginga i regi av Sætredalen Kraft AS er i Myklebustdalen på nordsida av Rv 614. Ein del av vatnet vert faktisk nytta to gonger, i begge kraftverka.

Grunneigarane følte at det no var rett tid for å realisere kraftplanane. Fallrettane har blitt tekne vare på av tidlegare generasjonar, og no vil dagens eigarar kunne få ein større del av kraftkaka. Noko som vil tene både miljøet, medføre verdiskaping og gje betre næringsgrunnlag for bygda.

Med ei sikker inntekt i botnen vil det og vere lettare å sikre framtidig busetnad.

I Sigdestad Kraftverk AS eig Norsk Grønn Kraft (NGK) 52 %, medan tolv grunneigarar eig resten fordelt etter skyld. Fallrettsleiga går til grunneigarane på Sigdestad og Myklebust.

Arbeidet med prosjektet starta for eit år sidan, og oppstart vert i april i år. Kostnaden er på rundt 50 millionar kroner, der 15 % er eigenkapital og resten er lån.

Svært godt prosjekt

Fagfolk reknar Sigdestad Kraftverk for å vere eit svært godt prosjekt. Lars Endre Myklebust opplyser at utbyggingskostnaden er på kr 2,40 per kilowatt. Til samanlikning ligg utbyggingskostnadene på godt over tre kroner på tilsvarande prosjekt.

Ål i Storelva

– Frå gamalt har det vore ein ålestamme i Storelva, kan Myklebust fortelje. Eit vilkår for konsesjonen var at framtida for ålen i elva vart sikra ved at utbyggjarane har bygd sluser slik at ålen kan gå uhindra gjennom anlegget.

1500 husstandar

Myklebust fortel at kraftverket på eitt år vil produsere 30 GWh (gigawattimar) eller nok straum til om lag 1500 husstandar. SFE står for linjenettet og linjestrukturen, medan straumen går rett ut i kraftmarknaden.

Eigarane får marknadspris til ei kvar tid pluss tilskot frå den grøne sertifikatordninga. Ein reknar med at det vil gå rundt 50 år før eventuelle reinvesteringar er nødvendige. − Dette er eit godt prosjekt for alle involverte, og størsteparten av verdiskapinga blir i bygda, avsluttar den nøgde grunneigaren Lars Endre Myklebust.

– Triveleg å bu på Isane

Annan eigarstruktur

Sætredalen Kraft AS vert bygd ut av OBOS etter at grunneigarane har selt selskapet. Dei får

fallrettsleige frå kraftverket som vert sett i verk frå 2018 og fullført i 2019.

Årleg middelproduksjon vil vere på 20 GWh, og prosjektbudsjettet vil vere på 65 millionar kroner. Det gjev ein utbyggingskostnad på kr 3,30 som er noko meir enn for kraftverket på Sigdestad.

Kraftproduksjonen vil vere nok til 1200 husstandar.

Samla vil dei to kraftverka, Sigdestad og Sætredalen, gje straum til vel 7000 menneske eller heile Stryn kommune.

Fakta om Sigdestad kraftverk AS

• Utbygginga skjer i Storelva

• Hovudentreprenør er Yri Sand

• Totalkostnaden er rundt 50 mill.

• Eigarskapen er delt mellom Norsk Grønn Kraft og grunneigarane (12)

• Krafta vert selt på spotmarknaden

• Svært gunstig utbyggingskostnad; kr 2,40 per kilowatt

• Kraftproduksjonen startar i april i år

KRAFTSTASJONSBYGGET: Kraftstasjonsbygget til Sigdestad Kraftverk ligg ved den største fossen i Storelva. Foto: Per Ole Lefdalsnes
RØRGATA: Rørgata har ei lengd på 961 meter. Diameteren på røra er 1,6 meter. Langt nede er Ålfotfjorden. Foto: Per Ole Lefdalsnes
ÅSKORA KRAFTVERK: Kraftverket ligg inst i Ålfotfjorden og har ein middelproduksjon på rundt 600 KWh. Eigar er SFE. Foto: Per Ole Lefdalsnes
HOVUDENTREPRENØREN: Yri Sand AS er hovudentreprenør. Mariann Løset køyrer dumpar. Foto: Per Ole Lefdalsnes
SÆTREDALEN KRAFTVERK AS: Ved Rv 614 går grunnarbeidet for kraftstasjonen føre seg. Rør går opp til Sætredalsvatnet som skal oppdemmast. Foto: Per Ole Lefdalsnes