I morgon er det Revmatikerdagen, med markeringar over heile landet.

Geir Dale (59) frå Eid har hatt revmatiske plager heilt sidan ungdommen. Det handlar om betendelse i ledd, om kunstig kne og generell stivhet i kroppen. Ein sjukdom som blei langt verre då han kom ut for ei bilulukke på Strynefjellet i 1997. Før det hadde han trena aktivt med handball og fotball. Etter ulukka blei det dagsforma som skulle styre treningsmengda.

–Det handlar om å finne si form for trening. Det er ein balansegang mellom for lite og for mykje. Ved overbelastning kan sjukdommen bli verre, sit ein for mykje i ro så stivnar ein heilt i ledda, seier Dale som har funne si form for trening gjennom rørsle i vatn.

Vatn er bra for ledda

–Har du revmatiske plager eller andre muskelplager er det ideelle å bevege seg i vatn. Då hindrar ein store belastningskader som ein kan få ved å gå på hardt underlag til dømes. Vatnet gjer kroppen lett og flytande og ein kan trene meir utan å få tilbakeslag dagen etter, seier Dale som sjølv har måtte finne vegen tilbake til arbeidslivet og ein fungerande kvardag etter veker på sjukehus etter bilulukka for over tjue år sidan.

Trena seg opp att

–Etter ulukka på Strynefjellet fekk kroppen nærast eit samanbrot. Eg hadde store smerter og klarte nesten ikkje å gå. I 1998 gjennomførte eg ein operasjon i ryggen, og etter det var vegen lang med å trene seg opp att. For meg har medisinen vore trening i vatn, mange timar og intensiv trening av stive ledd. Ikkje minst etter at eg fekk protese i det eine kneet i 2011. Då stod eg fleire timar kvar dag i bassenget for å bevege på kneet som i utganspunktet var heilt stivt, seier Dale som i dag har både gode og dårleg dagar. Men fungerer i 50 prosent stilling som radiograf ved Nordfjord sjukehus. Han er uføretrygda, men treninga hjelper han til å vere på jobb to til tre dagar i veka. Ved sidan av er han også aktiv innan handball og er trenar på fritida ved Nordfjord hotell. Der trenar han grupper i bassenget, eller einskildpersonar som treng rettleiing.

Bassengtrening

Gjennom Eid revmatikerlag er Dale trenar for ei gruppe i vatn ein kveld i månaden ved Badehuset, Nordfjord hotell. Dette er ei trening i regi av revmatikerlaget, men er open for alle som ønskjer å trene/bevege kroppen i vatn. Det handlar om tilpassa øvelsar for å hindre stive ledd.

–Eg er utdanna spesialpedagog innan kropps- og idrettsfag frå Norges idrettshøgskule. I tillegg har eg anna idrettsutdanning også. Det var denne utdanninga i Oslo eg heldt på med då ulukka inntraff på Strynefjellet. I dag er eg glad for at eg kan fungere ganske bra i kvardagen og vere med på å hjelpe andre med same plager til å få eit betre liv.

Farleg å vere innaktiv

–For revmatikarar er det heilt avgjerande i vere i rørsle. Det verste som kan skje er å bli innaktiv. Då utviklar sjukdomen seg langt fortare, og stive og deformerte ledd oppstår langt raskare, seier Dale som sjølv også opplever dagar der kroppen nektar å samarbeide.

–Dette er ein sjukdom med gode og dårlege dagar. Nokre gonger er eg så stiv i kroppen at eg ikkje kjem meg ut av senga om morgonen. Då må eg få smertestillande medisin gjennom sprøyter, seier Dale.

Merethe Vedvik er leiar i Eid revmatiker, og har skrive dette innlegget:

Trening som medisin i Eid kommune

Et kommunalt treningstilbud til alle med muskel- og skjelettsykdommer vil gi svært god helsebringende effekt, og bidra til bedre kommuneøkonomi.

Muskel- og skjelettplager koster samfunnet hele 73 milliarder i året. Det er den tilstanden som rammer flest og som koster samfunnet mest. Nå har kommunene ansvar for rehabilitering til storparten av denne gruppen.En av fire nordmenn har muskel- og skjelettplager. Over 300.000 har en revmatisk diagnose. Vi ønsker derfor at politikerne i vår kommune gjør mer for å bedre situasjonen her hos oss. Det finnes tiltak som koster lite, men som vil gi både samfunn og individ svært stor effekt.Norsk Revmatikerforbund (NRF) legger til grunn internasjonal - og nasjonal forskning, når vi nå setter oss disse målene både kommunalt og nasjonalt:

NRFs treningsmål:

•Et kommunalt treningstilbud til alle med muskel- og skjelettsykdommer vil gi svært god helsebringende effekt, og bidra til bedre kommuneøkonomi. Tilrettelegging for «trening som medisin» som en del av det kommunale helsetilbudet.

•«Trening på resept» fra fastlegen til pasienter som er avhengig av trening som sykdomsmodifiserende innsats, med individuell plan og oppfølging av treningsmål.

•Økt utbygging og satsing på frisklivssentraler med skreddersydde tilbud for mennesker med revmatisme og muskel- skjelettsykdommer. (livsstil, kosthold og trening)

•Benytte NRFs frivillige ressurser i kommunen som bidragsytere til oppfølging av mennesker med nedsatt muskel- og skjeletthelse. (NRF tilbyr ressurser i form av frisklivsagenter, likepersoner, lokallagets aktiviteter innen trening og livsstil og treningsopplegget «Kom i form med NRF»)

Den 15. mars er Den Nasjonale Revmatikerdagen. I år setter NRF trening på dagsorden.Vi har lansert treningsprosjektet «Kom i form med NRF» som alle kan delta på helt gratis. Treningen kan gjøres hjemme og på egenhånd via digital opplæring, eller sammen med venner. Les mer om dette på våre hjemmesider, eller ta kontakt med oss i lokallaget. NRF ønsker et friskere samfunn med bedre muskel- og skjeletthelse! Vi mener at en del av løsningen ligger i å bedre det kommunale treningstilbud til alle med muskel- og skjelettsykdommer. Vi utfordrer herved politikerne i vår kommune til å legge til rette for bedret treningstilbud for denne store gruppen. Det gagner både kommunens økonomi og oss som enkeltmennesker.

La oss løfte muskel- og skjeletthelsa i Eid kommune sammen!

Merethe Vedvik,

leder i Eid Revmatiker

Eid revmatiker er lokallaget i Eid kommune. Dei har skrive innlegg og minner om kor viktig trening er for dei med ledd- og muskelplager.