Om vel to veker er Andor Smørdal (85) klar for deltaking i Even Hole cup på Utvikfjellet. Alpinsjef Claus Johan Ryste trur den spreke alpinisten frå Hjelmelandsdalen er i særklasse når det gjeld deltaking i si klasse i alpinrenn her i landet.

Sportssjef for alpint i Norge, Claus Johan Ryste, er den øvste leiaren for både profesjonelle og amatørar i alpinbakkane her i landet. Mellom anna har han OL-deltakarane Aksel Lund Svindal og Kjetil Jansrud under sine venger. Men kanskje er han like imponert over at Andor Smørdal framleis stiller i alpinbakken, og ikkje minst deltek på konkurransar som Even Hole cup på Utvikfjellet.

– Eg veit ikkje om så mange 85-åringar som framleis deltek i alpinrenn, så her er han nok i si eiga klasse, opplyser alpinsjefen i ein e-post til Fjordabladet.

– Det er flott å høyre at ein har slike entusiastar som Andor i sitt lokalmiljø. Det er med på å byggje kultur i alle aldre, og vise fram vår flotte idrett, heiter det vidare frå alpinsjefen som trur at Andor Smørdal nettopp er så sprek på grunn av mange år i alpinbakken.

– Eit aktivt liv er kanskje grunnen til at han er så sprek? Det er no godt både for hovud og kropp å utfalde seg på ski, seier Ryste som sjølv er frå Stranda, og bur i dag i Lommedalen i Oslo. Han har vore sportssjef for alpint sidan 2010, og fekk nyleg fornya tillit fram til 2023. Så han burde vite kva han snakkar om. Og er glad for at Andor Smørdal framleis ser føre seg å vere aktiv i bakken.

– Det er veldig godt å høyre at han ikkje skal leggje alpinskia på hylla me det første. Og at han er frisk og rask til å pleie skiinteressene sine i ein alder av 85 år, seier Ryste.

I tillegg til å vere med på Even Hole cup, var Andor Smørdal nyleg deltakar på Treskifestivalen i Stryn. Då hadde han leita fram gamle ski, stavar og klede.

– Eg hadde på meg nikkers, strikka genser og brukte gamle stavar med tretrinser. Så konkurrerte eg saman med ordførarar Flo i Stryn, Sven Flo, og Eid sin ordførar, Alfred Bjørlo. Dei hadde forresten med seg ei høyvogn som dei drog etter seg. Og opp i der hadde dei plassert fylkesordførar Jenny Følling. Det var moro å vere med på. Det er kjekt å reise til andre stadar der dei også tek vare på skisporten på ulik vis, seier ein optimistisk Smørdal som ikkje har konkrete planar om å leggje alpinskia på hylla.

– Eg likar meg best der det er litt bratt.

– I år har det vore fint. Mange flotte dagar i skitrekket på Harpefossen. Eg likar meg best nede i gamletrekket. Det er brattare der enn på Furuhogane. Men det er fint.

Andor Smørdal kunne i september i fjor feire at han blei 85 år. Dette året blir han 86, og alpinskia ligg klar i bilen kvar dag. Når sola skin og trekket på Harpefossen er ope tek han turen nokre hundre meter frå heimen sin i Hjelmelandsdalen. Då er det snø og kvite vidder som lokkar. Og helst i bra fart frå toppen av Fjellheisen.

– Det er kjekt å sjå på dei unge. Eg var her oppe førre helg, då det var alpinrenn. Det kribla litt i beina under storslalåm. Der skulle eg likt å vere med, seier alpinisten som for rundt åtti år sidan fekk sine første ski. Heime på garden i Hjelmelandsdalen var det nok av bakkar, så det var berre å setje utføre.

– Eg var nok den ivrigaste av søskena. Vi var fem til saman, men det var ingen rende så mykje på ski som meg, seier den tidlegare gardbrukaren som i unge år reiste ut i verda. Han kom til Sunnmøre, der han for alvor fekk blod på tann i høve til alpinsporten.

– Eg var på Straumgjerde og i Ålesund då eg var i tjueåra. Sunnmøringane låg lenger framme i alpinsporet i dei dagar. Der var mange flinke og eg lærte av dei. Og så starta eg å vere med på renn. Det var alpinrenn på Sunnmøre og på Strynefjellet. Ofte blei det konkurransar kvar helg heile vinteren. Men eg likte å konkurrere, å få bryne seg på dei beste, seier Andor som i 1964 kom heim att til Hjelmelandsdalen for å overta garden. Saman med kona Jorunn og tre barn. Det vart arbeid på garden, i tillegg til snekkerarbeid ved sidan av. Og seinare ti år på dåverande Eid verft på Løkja. Men alpinskia kunne han ikkje leggje vekk.

Strynefjellet

– Det største høgdepunktet i løpet av året var når eg kunne reise ei veke opp på Strynefjellet for å trene og konkurrere. Då var det først trening heile veka, og så konkurranse til helga. Vi fekk konkurrere mot store skiløparar som til dømes Stein Eriksen, seier Smørdal som gjennomførte sitt siste Strynefjellsrenn i ein alder av 55 år. Men konkurranse har han likevel ikkje heilt slutta med.

– Eg gler meg til å vere med på Even Hole cup på Utvikfjellet  i år også. Det er kvart år på Skjærtorsdag. Det er mange som er med der, og arrangørane er begeistra for at eg framleis er med, seier Smørdal som i 33 år har rent slalåm med ei kunstig hofte.

– Då eg operererte hofta mi sa legen at no måtte eg slutte med slalåm. Ikkje meir alpint no, sa han. Men eg kunne ikkje halde meg unna, og det har no gått bra. Eg er nok sterk i beina etter å ha vore aktiv i alle år, trur Smørdal som også skuldar på sykling og sparking i høve til sterke lår- og leggmusklar.

– Eg har sykla mykje, det var slik vi kom oss fram før bilane gjorde sitt inntog. Då eg gjekk på Fylkesskulen på Eid tok eg turen heim i helgane over Tippaskaret. God trim oppover bakkane, og så fint å renne ned att, minnast Smørdal som har trakka mange alpinbakkar oppover.

– Det var lite med skitrekk i min ungdom. Vi trakka løypa sjølve oppover før vi kunne setje utfor. For meg blei det eit stort framskritt då skitrekket på Harpefossen blei opna i 1967. Det har vore ei stor glede for meg å følgje utviklinga og framveksten av dette skisenteret. Dei siste åra har det skjedd mykje på Harpefossen, og eg er imponert over alle dugnadstimane som blir lagt ned der. Det er kjekt å sjå at stadig nye generasjonar finn glede i alpinsporten.

Alpinsjefen i Norges skiforbund, Claus Ryste, er imponert over Andor Smørdal sin innsats i slalåmbakken. Foto: Skiforbundet