Det var lagt ut 160 billettar til Americanafestivalen i Gymmen på laurdag, og det vart utseld og fullt hus.

– Det gjekk så bra som det kunne gå. Ein kjekk kveld på alle måtar, seier Arnt-Ivar Naustdal, som sjølv var på scena med familiebandet Naustdals.

– Vi hadde lagt opp til litt mindre publikum enn på ein vanleg konsert, fordi vi ville ha ei litt fleire sitjeplassar. Vi måtte faktisk avvise folk i døra, då alle dei 160 billettane vart selde, seier Naustdal.

Lokal identitet

Med åtte lokale band på scena under den første Americanafestivalen, ser Naustdal potensial for framtida.

– Det var over 20 lokale personar i aksjon, der mange ikkje har stått mykje på ei scene før. Eg vil seie at det var høgt nivå, noko som viser lokalt potensial for framtida, seier Naustdal.

Han har ei målsetting om at Gymmen skal bli ei scene der lokale aktørar blir prioritert.

– Vi vil satse ekstra på den lokale identiteten i Gymmen. Det er ekstra meiningsfylt, seier Naustdal.

Eigne låtar

Han er svært nøgd med at det vart presentert mange låtar som dei lokale banda sjølve står bak.

– Her var mykje sjølvskrive materiale som er så bra at det kan gjevast ut på plate, seier Naustdal, som har stor tru på at dette ikkje var den første og siste Americanafestivalen.

– Det er mykje som tyder på at dette er noko som har kome for å bli. Eg trur det var startskotet for ein ny festival i Eid, seier han.

Malakoff

Det er Malakoff Rockfestival som no styrer drift og innhald i Gymmen. Arnt-Ivar Naustdal er festivalsjef for Malakoff, og er oppteken av å utvide tilbodet og presentere publikum for nye ting.

– Det er for så vidt det same som vi har gjort med årets headliner til Malakoff Rockfestival, seier Naustdal, og viser til det verdskjende svenske metal/rock-bandet Ghost.

– Dette er ei typisk Malakoff-booking, som utfordrar mange av våre festivalgjengarar til å utvide horisonten. Ein kan seie at vi har ei slags oppdragande rolle overfor publikum. Erfaringa viser at vi har lukkast med bookingane, og at folk stolar på at det Malakoff seier er bra, faktisk er bra, seier Arnt-Ivar Naustdal.

Familiebandet Naustdals, f.v. Peder, Runar, Anna, Hege og Arnt-Ivar. Foto: Tormod Flatebø