Det seier Tore Nyhammer-Taklo og viser i ei pressemelding til at Eid kommune inngår i desse dagar ei energisparekontrakt, (også kalla EPC-kontrakt. EPC=Energi Performance Contracting), som skal få ned energiforbruket i kommunale bygg. .

– Kontrakten omfattar analyse av energibruk og gjennomføring av dei tiltaka kommunen vil gjennomføre i 12 kommunale føremålsbygg i Eid. Tiltaka kan omfatte alt frå etterisolering av loft, installasjon av styringsautomatikk i bygga til installasjon av LED-armaturar, seier Tore Nyhammer-Taklo, avdelingsleiar teknisk drift.

Siste fem åra

Kommunane i Norge har dei siste fem åra teke EPC-modellen i bruk. Kommunenes sentralforbund (KS) utarbeidde malar for EPC-gjennomføring i norske kommunar i 2010. Modellen er mykje brukt i Sverige, Tyskland, Austerrike, USA osv. I nærområdet er Volda og Herøy kommunar i gang med EPC-prosjekt

–Det mest spesielle med modellen, er at kommunen etter å ha gjennomført ein konkurranse med utlysing på Doffin, inngår ei kontrakt med ein entreprenør som garanterer den energireduksjonen og dei investeringane som er utrekna. Entreprenøren gjennomfører energianalysar av valde bygg. Kommunen vel kva tiltak dei vil ta med i investeringspakka. Både investeringar og spara kWh-ar er kjent på dette tidspunktet og begge delar er garanterte ytingar frå entreprenøren.

Tett samarbeid

–Garantien som entreprenøren gir for redusert energibruk skal haldast i heile innteningstida for investeringspakka. I desse åra skal det som del av ytingane også gjennomførast minst fire kursdagar per år for driftspersonell i tillegg til tett samarbeid mellom entreprenør og kommune om drift av tiltak, seier Nyhammer-Taklo og viset til at det i tradisjonelle gjennomføringsmodellar, som er brukt tidlegare, ligg det ingen garantiar for at utrekna energisparing faktisk blir realitet.

Tre entreprenørar gav tilbod på EPC-oppdraget i Eid, og kontrakt er inngått med AF Energi og miljøteknikk. Entreprenøren har fleire slike kontraktar i Norge. Siv.ing. Kjell Gurigard AS er rådgjevar for kommunen. Han har forhandla og bidrege i nær alle EPC-prosjekt (over 60 stk.) etter KS sine malar i Norge.

Lønsemd

– Her er det ikkje rekna inn Enova-støtte til prosjektet. Erfaringsmessig kan det forventast i underkant av ein million kroner i støtte til prosjektet i Eid. Dette vil gjere lønsemda endå betre i prosjektet, seier Tore Nyhammer-Taklo i pressemeldinga.

Hovudtal-Eid:

• 12 bygg

• Oppvarma areal i dei 12 bygga: 22.800 m²

• Energiforbruk i desse bygga før gjennomføring: ca. 4 GWh/år (4 millionar kWh/år)

• Berekna minimum energireduksjon 22,5 % reduksjon frå førforbruket.

• Innteningstid med 5 % rente og dagens energiprisar: 13,2 år før offentleg støtte.

• Noverdien for prosjektet i løpet av ei 15 års periode er 341.000 kroner før offentleg støtte.