I ein kontroll som Statens vegvesen heldt i dag, vart fire sjåførar bøtelagde for manglande bruk av bilbelte. To av dei meinte det var unødvendig å bruke bilbelte i tettbygd strøk.

Dette skriv Statens vegvesen i ein kommentar til kontrollen: «Dette viser mangel på kunnskap om konsekvensar dersom ein får ein bråstopp i tettbygd strøk. Å kollidere i 50 km/t utan bilbelte tilsvarar eit fall på 10 meter. Så vi oppmodar alle om alltid å bruke bilbelte.»

Statens vegvesen heldt kontroll av lette køyretøy/bilbeltekontroll i Deknepoll, på Bryggja og på Nordfjordeid i dag. Kontrollen vart halden i samarbeid med politiet i Vågsøy.

I tillegg til dei fire som fekk bilbeltegebyr, vart det delt ut eitt vognkortgebyr og to dekkgebyr. Totalt vart 339 køyretøy kontrollerte.