Det melder Pratssamansett utval i ei pressemelding, og viser vidare til at det har vore ein grundig prosess der alle tilsette har fått høve til å vere med å utforme avtalen.

Omstillingsavtalen har som føremål å sikre ein føreseieleg omstillingsprosess for kommunane sine tilsette.

–Dei tillitsvalde er godt nøgde med prosessen kring utforminga av avtalen og innhaldet som no ligg i den, seier Laila Bødal, Mirjam Bruvoll og Barbro Noste, tre av dei hovudtillitsvalde i Stad 2020. Avtalen har blitt forma gjennom fleire arbeidsmøte og høyringar der deltaking og medverknad frå begge kommunane har vore brei. Prosjektkoordinator i Stad 2020, Kristine Dahl har leia prosessen.

Det vil i løpet av mars bli oppretta eit omstillingsutval som vil følgje opp innhaldet i avtalen.

Avtalen har som føremål å sikre ein føreseieleg omstillingsprosess for kommunane sine tilsette. Prosessen skal kjenneteiknast av god medverknad frå dei tilsette sine representantar, samt samhandling og samskaping mellom partane.

Her kan du lese endeleg omstillingsavtale vedteken i partssamansett utval 1. mars.