Dette er Lasse Flo Bødal og Bendik Vereide, som saman med Oskar Guddal Breivik frå Markane IL er gutane som er tatt ut for Region Vest. På jentesida er Ingrid Heggen, Stårheim IL, tatt ut som reserve. Dei fire jentene som er tatt ut til å representere Region Vest er Emilie Flo Stavik, Markane IL, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, Gunn Kristi Stensaker, Hardbagg IL og Hedda Singelstad Kåsa, Hålandsdal IL.

Young Star-rennet i Holmenkollen går laurdag 17. mars. Det er eit renn der totalt 30 utøvarar i aldersgruppa 15/16 år er uttekne etter kvalifiseringsrenn. Young Star blir arrangert i Holmenkollen i samband med verdscuprunden for senior. Rennet går som fellesstart.