Fellesnemnda er samla i Leikanger i Sogn. Før dei starta med sakshandsaming, hadde nemnda ein arbeidsverkstad, der dei såg nærare på korleis det nye storfylket skal organiserast.

Skal gripe moglegheitene

– Regionreforma er ei viktig reform for Vestlandet og resten av landet. Ho gir store moglegheiter, og dei skal vi ta. Den politiske verkstaden vi har hatt i dag var ein god start på arbeidet med framtidig politisk organisering, som er grunnlaget for å tilby gode tenester til innbyggjarane, seier leiar for fellesnemnda og fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun.

I den politiske verkstaden møttest politikarane på tvers av fylkesgrensene. Dei diskuterte korleis den nye fylkeskommunen på Vestlandet skal organisere seg for å løyse oppgåvene som fylket har og kan få som følgje av regionreforma.

Må sikre oppgåver og ressursar

– Eit viktig arbeid framover blir å sikre at fylket får oppgåver og ressursar som gjer at vi kan ta eit større ansvar for næringsutvikling, kultur og integrering på Vestlandet. Det vil vere avgjerande for at vi skal lukkast med det nye storfylket, seier nestleiar for fellesnemnda og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Fellesnemnda handsamar fleire saker i møtet i dag, blant anna om administrativ organisering og leiinga for tannhelsetenesta i det nye fylket. Politikarane i dei to fylka skulle også ha vedteke budsjett for samanslåingsprosessen, men valde å utsetje denne saka.

Den nye fylkeskommunen skal tre i kraft frå 1. januar 2020.