Eid Sp har diskutert saka på gruppemøte og har konkludert med at avtalen som skal opp til godkjenning på møte i Eid formannskap i morgon ikkje kan godkjennast.

Reksnes peikar på at det er ulike oppfatningar i Eid og Vågsøy kommunar om korleis avtaleteksten skal forståast. I avisa Fjordenes Tidende tysdag kom det fram at rådmennene har ulik forståing av avtalen, og i tillegg kritiserer rådmannen i Vågsøy at rådmannen i Eid har tatt inn i framlegget til vedtak forhold som ikkje er omtala i sjølve avtaleteksten.

– Det må derfor etter vårt syn gjerast ein grundigare jobb, der ein lagar ei meir detaljert avtale. Dei økonomiske vilkåra må klargjerast. Etter vårt syn må pengane følgje elevane, og det må vere bestemt på førehand og omtala i avtaleteksten korleis dette skal løysast i praksis.

– Frå Eid Sp si side så meiner vi veldig sterkt, at både Eid kommune og Vågsøy bør nytte eit nytt forhandlingsmøte til å få til ei løysing som inneber fortsatt drift ved Bryggja skule i kommunal regi fram til  01.01.2020

– Det er den beste løysinga for elevane på Bryggja, for lokalsamfunnet, og også for Eid og Vågsøy kommunar, meiner Reksnes. Han varslar at partiet vil fremje følgjande framlegg:

1.      Avtalen mellom Eid og Vågsøy om overgangsordning for elevane på Bryggja vert ikkje godkjent slik den ligg føre.

2.      Eid kommune kallar inn til nytt møte mellom Eid og Vågsøy kommunar der ein lagar ei meir detaljert avtale. Dei økonomiske vilkåra må klargjerast. Etter Eid kommune sitt syn må pengane følgje elevane, og det må vere bestemt på førehand og omtala i avtaleteksten korleis dette skal løysast i praksis.

3.      Eid kommune er positive til å bidra for å oppretthalde skulen på Bryggja fram til 01.01.2020. Eid kommune oppmodar Vågsøy kommune til å vurdere på nytt ei løysing med kommunal drift av skulen på Bryggja.

Framlegg til avtale

Avtalen som no ligg til politisk behandling i Eid har slik utforming:

«AVTALE

Mellom kommunane Vågsøy og Eid/Selje (Stad) er det inngått slik avtale om overgangsordning for skuleelevar som er folkeregisterført i det området som vert omfatta av grensejusteringa gjeldane frå 01.01.2020.

1. Avtalen tek utgangspunkt i at Vågsøy kommune har gjort vedtak om nedlegging av Bryggja skule frå hausten 2018. Kommunane er innstilt på at foreldra alt for skuleåret 2018/19 kan søke om opptak anten på Skavøypoll skule eller på Stårheim skule for trinna 1 - 7. Dette for at elevar skal sleppe å skifte skule fleire gonger som konsekvens av grensejusteringa. Vågsøy ber kostnader som er elevrelaterte (undervisningsmateriell) og evnt. spes.ped. for elevar som vel Stårheim skule.

2. Kommunane er innstilt på at elevar som ville gått ut frå Bryggja skule våren 2019, kan søke om opptak anten på Vågsøy ungdomsskole eller Eid ungdomsskule for skuleåret 2019/20. Vågsøy kommune vil tilby alle som har starta på Vågsøy ungdomsskule pr 1.1.2020 å fullføre løpet her. Siste elev går i tilfelle ut våren 2022. Vågsøy ber kostnadane for elever som vel Vågsøy ungdomsskole.

3. Kommunane vil i fellesskap, og i samarbeid med fylkeskommunen, etablere tenlege

skyssløysingar for å gjere dette så smidig som mulig.

4. Etter 1.1.2020 er nye Stad kommune skulekommune og ansvarleg for grunnskuleopplæringa for elevane på Bryggja.

5. Avtalen skal godkjennast politisk i Vågsøy og Eid/Selje/Stad.

Måløy, den Eid, den

…………………………….. ……………………………….»

Har vore behandla i Vågsøy

Saka har vore handsama i formannskapet i Vågsøy den 15.02.2018 med følgjande vedtak:

Avtale med Eid kommune om overgangsordning for elevane ved Bryggja skule vert godkjent slik den

ligg føre med endring i siste setning i pkt. 2.

"Kostnader dekkast i samsvar med gjeldande gjesteelevordning i fylket".