– Tanken bak desse forslaga er å sjå om det er mogleg å skape noko nytt, med tanke på at at Sunniva eller fjordhesten får for lite/mykje fokus, seier Simon som legg til at tanken bak utkasta er å få fram det naturleg og friske ved Nordfjord der dei tre «bølgje»-elementa over «sjøen»/»landet» skal representere litt av kvart: fjell, fjord, bris, forskjellig vêr, bølger, fuglar, og fisk som hoppar - i tillegg til at dei er ein referanse til fylkeskommunevåpenet.

–Dei fire fargekombinasjonane vedlagt tykkjer eg er dei som er mest relevante, der to av forslaga inneheld fargar frå begge kommunevåpena, og dei to andre favoriserer dei respektive fargane brukt i Eid og Selje sine noverande kommunevåpen, seier Simon til Fjordabladet.

Foto: Illustrasjons: Simon Pavelich