Les meir om utdanning her

–Eg vil helst på garnfiske, seier Sindre Skårbø frå Selje. Han er ein av sju elevar som i år går på programfaget Vg2 Fiske og fangst ved Måløy vidaregåande skule. Det betyr at han har bak seg eitt år på programfaget Vg1 Naturbruk. Til hausten er det to år som lærling før han kan ta fagbrev.

–På dette første året har eg lært meir enn ti år i grunnskulen, hevdar Tobias Aarvik frå Måløy. Han stortrivst også på dette programfaget, og satsar inn mot å bli skipper. Etter Vg2 Fiske og fangst skal han skaffe seg studiekomptanse, og så er det tid for å søkje vidare høgskuleutdanning.

Medan Arnt Ove Eide frå Bryggja og Henrik Vedvik frå Husevåg vil ut på linefiske. Dei beskriv fiskeyrket og utdanninga som spennande og allsidig.

Ved Vg1 Naturbruk blir det lagt stor vekt på praksis ved bruk av skulen sitt eige opplæringsutstyr, M/S Skulebas (havgåande fiskefartøy for line- og garndrift) og to nye Øien 620 lettbåtar. I tillegg til praksisutplassering på ulike oppdrettsanlegg og fiskeflåten.