Ho er med i ei arbeidsgruppe som hjelper Høgskulen på Vestlandet til å rekruttere fleire studentar til Sogn og Fjordane. – Vi har tru på at relevante sommar- og sidejobbar/ekstrajobbar kan vere med på å gjere Florø, Førde og Sogndal til meir attraktive studiestadar. Spesielt skal den nye IT-utdanninga i Førde og det nye Havbruk-studiet i Florø støttast. Får ein ikkje nok søkjarar/studentar, mister ein dei nye tilboda. I tillegg gjeld det å sikre at vi får behalde dagens tilbod, seier ho. Til dagleg jobbar ho i IT-forum Sogn og Fjordane/Enivest. I arbeidsgruppa finn ein også Øyvind Østrem, prosjektleiar HVL, Gro Rukan i Framtidsfylket, og Leon Bakkebø i Sogn og Fjordane Næringsråd/IT-forum Sogn og Fjordane.

– Dei som vel Sogn og Fjordane som studiestad, i tillegg til gode studievilkår, får høve til å skaffe seg relevant jobberfaring medan dei studerer. Dette gjer dei svært attraktive for jobbmarknaden. Bedrifter profitterer at dei i tillegg kjem i kontakt med studentane, og på denne måten sikrar seg tilsette dei kjem til å trenge i framtida, fortel Ulriksen.