Les meir om utdanning her

Er du lei av å sitje på skulebenken og kan tenke deg å bli røyrleggar, tømrar, målar, murar, reinhaldsoperatør, asfaltør, betongfagarbeidar, blekkslagar, industrimålar, veg- og anleggsarbeidar, taktekkar, stillasbyggar, steinfagarbeidar, snikkar, glasfagarbeidar, industrisnikkar, industritapetserar, limtrearbeidar, møbelsnikkar, orgelbyggar, tredreiar, trevaresnikkar, feiar, fjell- og bergverksarbeidar, isolatør, forskalingssnikkar eller banemontør?

Vg1 Bygg og anleggsteknikk ved Stryn vidaregåande skule opnar for eit hav av moglegheiter og tilbyr fleksible opplæringsmodellar der du allereie etter eitt år kan byrje i lære i ei bedrift.

Hovudtanken er at eleven tidleg i utdanningsløpet skal kunne fordjupe seg i ønska lærefag og veksle mellom opplæring i skule og opplæring i bedrift gjennom den 4-årige opplæringa fram til fagbrev.

Skulen har eit tett samarbeid med ulike bedrifter i Nordfjord, noko som dannar grunnlaget for ein fleksibel opplæringsmodell med praksisnær opplæring.