Les meir om utdanning her

– Vi er den vidaregåande skulen i fylket som har flest hybelbuarar. I utgangspunktet kunne det vore ei utfordring, men slik er det ikkje, seier rektor Hallgeir Hansen som rosar elevane for at dei tek ansvar og bidreg til å skape eit godt skulemiljø., seier rektor Hallgeir Hansen.

Tillit

– Korleis legg skulen til rette for at hybelbuarane skal trivast både i lokal- og skulemiljøet?

– For oss har det vore viktig å skape eit miljø der alle elevane får eit eigarskap til skulen. Samstundes legg vi stor vekt på å byggje gode relasjonar mellom dei som kjem til Sandane for å gå på skule i tre år, og dei heimebuande elevane. Det gjer vi mellom anna ved å ha ein open skule. Som eit døme kan eg nemne at elevane på den fylkesdekkande linja Musikk, dans og drama, har fått eigne nøkkelkort, slik at dei kan nytte skulelokalitetane også utanom skuletida. Dette har fungert veldig bra, og vi kjem no til å utvide ordninga til også å gjelde elevane på studieførebuande og idrett, seier Hansen som legg til at skulen har mykje kostbare instrument og anna utstyr, og at det aldri har vore noko som helst hærverk eller øydelegging.

– Det handlar om gjensidig tillit.

Rekruttering

Kva område av fylket rekrutterer skulen frå?

– Til Musikk, dans og dram, som fylkesdekkande, rekrutterer vi frå heile fylket. Elles kan det nemnast at vi rekrutterer mange elevar frå Bulandet. Desse elevane må bu på hybel uansett kva skule dei vel. Av ein eller annan grunn, så søkjer mange av desse ungdomane seg til Firda, seier rektoren.