Les meir om utdanning her

– Vi skulle gjerne sett at Firda Vidaregåande hadde hatt tilbod innan yrkesfag. Når vi ikkje har det, så kan eg fortelje at vi har gode tilbod til framandspråklege vaksne. Dette er eit samarbeid mellom skulen, NAV og kommunane i Nordfjord. Alle kommunane er med på samarbeidet bortsett frå Hornindal, seier rektor Hansen.

Motiverte vaksne

– For samfunnet er det viktige å motivere framandspråklege til å gå på skule, samstundes som dei har eit arbeid å leve av. Tilbodet er viktig for den enkelte, og ikkje minst for kommunane sitt integreringsarbeid. Dei som deltek er veldig motiverte. Det er viktig at dei som har fått opphald i landet vårt får sjansen til ein god start. I og med at vi kan vise til gode resultat, så har tilbodet skapt interesse langt utanfor vårt eige område. Vi hadde nyleg besøk frå Møre og Romsdal fylkeskommune, som har prøvd mykje, men ikkje fått det til. No vil dei sjå på det vi har valt å kalle «Gloppen-modellen», seier rektor Hallgeir Hansen

Fem grupper

Tilbodet i Gloppen-modellen rettar seg mot framandspråklege som jobbar innan helsefag, kommunane i Nordfjord, og som tannhelsesekretærar, heile Sogn og Fjordane.

– I dag gjev vi tilbod til 60 personar fordelt på fem grupper, seier rektoren.