Les meir om utdanning her

Akvakultur er ei næring i stor vekst. I 2006 blei det seld 600.000 tonn laks og ørret til matfisk frå norske oppdrettsanlegg, i 2016 var talet 1,2 millionar tonn. Ei dobling på ti år, både når det gjeld produksjon og talet på tilsette. I dag finst det 85 fiskeoppdrett i Sogn og fjordane, og rundt 180 i Hordaland.

Færre fiskarar-meir fisk

Når det gjeld fiskeyrket er det langt færre fiskarar i dag, i høve til for nokre tiår sidan. Rundt 1940 var det 120.000 yrkesfiskarar i Norge, i dag er talet på 12.000. Men mengda på fisk frå nordaustarktisk farvatn aukar. I 2006 blei det fiska 4 milliardar tonn frå desse havstroka, mot 6,3 milliardar i 2016. I Sogn og Fjordane var det 1671 fiskarar i 1983, mot 615 i 2017. I Nordfjord har dette talet gått ned frå 794 i 1983 til 276 i 2017. Dette viser tal frå Fiskeridirektoratet. Dei siste åra har fleire søkt seg til fiskeriyrket. Dette på grunn av nedgang i oljebransjen. Fiskeflåten i Norge opplever at fleire vil jobbe til sjøs, men det er sjølvsagt lettare for dei med fagutdanning å få jobb.