Ottar Brekke frå Kjølsdalen flytta inn til Eid eldretun hausten 2017. Der har han fått seg sin eigen bustad tilknytt eldretunet. Med stove, kjøkken og soverom. Til middag og kvelds er vegen kort over tunet for å innta måltida saman med dei andre. I felleskap på stova blir det også ei kaffistund, og nokre gonger litt underhaldning og musikk. Men likevel blir det ganske mange timar åleine i bustaden. Då er det kjekt å vente på avisene.

–Eg abonnerer på fire aviser, kan den spreke 86-åringen stolt fortelje.

–Det er Fjordenes Tidende, Fjordabladet, Fjordingen og Sunnmørsposten. Eg les mest alt som står i desse avisene, og det er kjekt å følgje med på kva som skjer rundt omkring, seier den tidlegare telemontøren. Han jobba for Televerket til han var 60 år i 1992. Ein jobb han hadde i 34 år, frå 1958.

–Som telemontør reiste vi rundt i heile Nordfjord og på søre Sunnmøre. Mange stadar var vi inn i huset til folk for å installere i høve til utskifting av linjer. Då kom eg alltid i prat med med dei som budde der, og eg kjenner folk langs heile fjorden. Når eg les i avisene frå Nordfjord dukkar det ofte opp folk som eg kjenner frå tida mi som telemontør, seier Brekke og viser fram eit eksemplar av Fjordingen.

–Desse folka her kjenner eg. Vi var mykje i Oppstryn med linjearbeid der. Då budde vi på brakker heile veka, og kom heim berre i helgane. Vi hadde eiga kokke som var med oss i femten år. Det var triveleg fellesskap og arbeidsmiljø. Og så blei vi veldig godt mottekne av bygdefolket der vi kom. Eg har mange gode minner frå til dømes Oppstryn, og det er kjekt å lese Fjordingen, til liks med dei andre avisene langs fjorden, der eg også er godt kjende, seier Brekke som finn mykje interessant i avisene. Men nokre gonger blir det for mykje politikk og fotball, seier han.

–Det er mykje snakk om politikk og diskusjonar fram og tilbake. Det er interessant å følgje med kva som skjer, men det kan bli i overkant mykje politikk nokre gonger. Og så likar eg ikkje at det er så mykje krangling i fotballen. Det vil eg ikkje lese, eller sjå på fjernsyn, seier Brekke som også set pris på å snakke med dei andre som bur på Eid eldretun.

–Det er bra at det er mange oppegåande eldre her vi bur. Då går det an å slå av ein prat, og det er triveleg å vere i lag. Men aller kjekkaste er det når Jon Holmøyvik spelar opp på trekkspelet sitt. Då blir det fest i stova, seier Brekke.

Unge og forelska: Ottar reiste over fjellet frå Sunnmøre. Ein kveld som skulle avgjere mykje av hans framtid, då han traff kona Aasta og busette seg i Kjølsdalen.
God kunde: Ikkje mange abonnerer på heile fire papiraviser no lenger. Men Ottar er trufast lesar