Ved bruk av kjennemerkegjenkjenningsutstyr (ANPR) vart 300 køyretøy kontrollert i Gloppen, Byrkjelo og Sandane,  fredag.

Fem køyretøy vart avregistrerte fordi desse ikkje hadde fått godkjent bilane for periodisk køyretøykontroll. Statens vegvesen oppmodar alle bileigarar om å få med seg kontrollsetel når dei hentar bilen frå verkstaden etter at den har vore inne til slik kontroll. Å få med kontrollsetelen gjer at ein er sikker på at kontrollen er innsendt til det sentrale registeret.

To bilførarar fekk gebyr for ikkje å ha med førarkort under køyring, og to fekk gebyr for ikkje å ha med vognkort. Ein bileigar fekk og kontrollsetel for manglande lys på tilhengaren. I tillegg måtte han sikre lasta si betre før han fekk køyre vidare

Ein traktor fekk ikkje køyre vidare med last/lasteapparat framme på traktoren. Dette er utstyr som er berekna for å flytte/handtere last , og er ikkje konstruert for å transportere gods langs veg.