Av dette går 10,5 millionar kroner til Sogn og Fjordane. Midlane går til fylkeskommunen, som igjen deler ut tilskot til lokale eigarar.

– Dei som eig private freda bygg gjer ein formidabel innsats for vår felles kulturarv. Dette verdset vi høgt, og regjeringa har auka bevillinga med nær 30 prosent frå 2014. Over 150 millionar kroner går no til å vedlikehalde desse viktig kulturminna. Det er heilt avgjerande at våre freda bygg er i bruk, elles forfell dei. Dei private eigarane over heile landet fortener stor takk og honnør for den innsatsen dei gjer for å ta vare på kulturarven, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen i ei pressemelding.

I år er det Oppland og Hordaland som får dei største summane på 14,5 millionar kroner kvar. Midlane vert delt ut med ei oppfordring om at også fylkeskommunane gir tilskot til sine freda bygningar.

– I fleire fylke er det behov for betre oversikt over tilstanden til dei freda bygningane. Det vil gjere fylkeskommunen i stand til å drive ein endå betre og meir langsiktig forvaltning av dei freda bygningane, seier riksantikvar Jørn Holme.