Eit stort spørsmål, som Ove Eide har prøvd å svare på. Han har simpelten laga ein litterær kanon frå fylket vårt, ei liste over den litteraturen han meiner står seg best. Komande måndag, 26. februar er han å finne på Eid bibliotek.

Debatt

Slike kanoner vert gjerne gjenstand for debatt. Kanskje har du heilt andre favorittar? Diskuter gjerne, og kom med synspunkt, - ein kanon er ingen fasit. Det biblioteka først og fremst ynskjer med denne turnèen, er å fremje kjennskapen om eigen litteratur, og fremje lesing og bruk av denne litteraturen, for det fortener han!

Lokal litteratur

Ove Eide er pensjonert lektor, forfattar og foredragshaldar. I ein mannsalder har han vore særdeles oppteken av denkale litteraturen. Det er truleg ingen i Sogn og Fjordane som har slik inngåande breiddekunnskap om litteraturen frå Sogn og Fjordane, det gjeld både den eldre og den nyare litteraturen. Samstundes har han den nasjonale oversikten, han har t.d. vore sentral i utarbeiding av både læreplanar og læreverk for norskfaget i den vidaregåande skulen.

Fylkestopp

Det han tek føre seg i denne litterære fylkestoppen, er skjønnlitteraturen, som rommar både romanar og forteljingar, skodespel, dikt og songar. Eit premiss han har lagt til grunn, er at forfattarar må ha utgitt bok før 1990. Det er gjerne slik at med ein viss avstand i tid, kan ein sjå lettare kva som står seg. Eide vil peike på nokre historiske linjer og trekkje fram dei av forfattarane våre han meiner ruvar høgst litterært. Lista omfattar namn frå Claus Frimann til Hans Sande. Men han vil og kome inn på korleis bilete ser ut i dag.

Denne litterære fylkestoppen laga han i samband med at Sogn og Fjordane fylkesbibliotek lanserte nettstaden med forfattarar frå fylket, forfattarar.sfj.no, og var då fleire stader i fylket og presenterte kanonen.

No er turen komen til Nordfjord, og med midlar frå Fritt Ord skal det i veke 9, 10 og 11 vere arrangement i 6 Nordfjordkommuner: Eid, Stryn, Selje, Vågsøy, Gloppen og Bremanger. Det vil vere lokale høgtlesarar alle stader, som sjølv vel ut kva dei vil lese. Arrangementa er gratis.