Leiaren i grendelaget i Heggjabygda, Arne Knut Ohrvik er fortvila og oppgitt over den dårlege standarden på vegen til Heggjabygda.

Det er den 19,6 kilometer lange fylkesveg 664 som går frå Fossebakken opp gjennom Heggjabygda og vidare til Navelsaker. Vegen er no somme stader i så dårleg stand at du helst bør ha bil med høg bakkeklaring for å kome deg fram.

Dårleg og ujamn masse i berelag som ikkje er frostfritt, fører til telehiv i stor stil. Det er ikkje like ille over alt, men på turen oppover i bygda er det mange parti som slett ikkje er bra.

Vegen er krakelert, her er dumpar og humpar, og somme plassar ser det ut til at asfalten er heilt borte på midten.

– Heilt forjævlig

Arne Knut Ohrvik køyrer vegen dagstøtt og guidar Fjordabladet oppover, med innlagde stopp på dei verste plassane. Med veg-stikke og metermål viser han fram ujamnheitene.

– Her er det 15 cm skilnad. Her er det 20.

– Dei burde gjort slik dei gjorde før. No er det heilt forjævlig. Dei har visst ikkje pengar til det steikje støv.

Ohrvik småkjeftar og er oppgitt. Han minnest at då vegvesenet styrte sjølv fylte dei på asfalt der det var dumpar og skrapa vekk om våren ved behov. Dei karane kjende kvar hole og kvar stikkrenne. Ohrvik meiner at vegvedlikehaldet har blitt mykje dårlegare etter at vegvesenet slutta å styre med det sjølv. No er arbeidet ute på anbod, prisane blir pressa og resultatet ser ein.

Med ein veg som meir eller mindre er som ei berg og dalbane med naturlege fartshumpar og dumpar og vel så det, er det heller ikkje enkelt for dei som skal brøyte snø.

– Han stakkaren som skal brøyte har ein stri jobb.

Men sjølv om forholda til tider er vanskelege, er Ohrvik svært godt fornøgd med snøbrøytaren frå Osdalen som i vinter har gjort eit fantastisk arbeid, og han har aldri sett så god brøyting som då Tor Anfinn Lillestøl hadde kontrakten.

– Det spørst litt kva karar dei får, seier Ohrvik om den saka.

Etterlyser tiltak

Leiaren i grendalaget etterlyser tiltak på vegen både på kort og lang sikt. Kortsiktig ved å fylle på der det er store ujamnheiter, og så vidare å syte for ei oppgradering i form av å byte ut berelaget for å hindre at frosten skaper problem.

– Det må gjerast tiltak. No er det aldeles skakkøyrt her. Det er fint med ny asfalt av og til, men det viser seg at det berre går nokre få år, så er ein meir eller mindre tilbake der ein var før, poengterer Ohrvik.

– Rein asfaltering er eit kortsiktig tiltak, omtrent som å pisse i buksa. Det må bytast ut masse om ein skal få varig effekt.

UMERKA FARTSDUMP: Her på den beine strekninga på Åsebøen er det lurt å kjenne til at ein bør halde eit roleg tempo. Foto: Anna Wuttudal
Måler Høgdeskilnad: Leiaren i Heggjabygda grendalag, Arne Knut Ohrvik måler ujamnheiter i vegbana og er oppgitt over at det ikkje er sett i verk utbetringstiltak. Foto: Anna Wuttudal
VEG: Dette er altså ein offentleg veg. Foto: Anna Wuttudal