Dagleg leiar Ingvill Henden legg vekt på at Eid med dette får ein plass der ein uansett yrke, vil finne eit godt utval av arbeidsklede. I butikken til Henden vil ein få kjøpt arbeidsklede for ulike arbeidsgrupper og klassifiseringar, men og vanlege arbeidsklede for til dømes tømrarar og bønder. For innandørs arbeid vil Vestitur mellom anna selje genserar og T-skjorter. Henden ordnar og med laging og trykking av firmalogoar på kleda for dei som ynskjer det. Med dette utvidar Vestitur vareutvalet, og på messedagen vil det vere stor utstilling av klede og utstyr som butikken tilbyr.

Breitt utval: Ingvill Henden og Mirjam Leivdal med ein del av arbeidskleda i butikken. Foto: Per Ole Lefdalsnes