Det var svaret Fjordabladet fekk då avisa stilte spørsmål til Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Staten vegvesen, om strakstiltak i påvente av gang- og sykkelveg i eit område med eit titals avkøyringar, åtte busstopp og idrettsstadion, der mange born ferdast.

Mjuke trafikantar

–Statens vegvesen har ein del midlar i handlingsprogrammet som er retta inn mot mjuke trafikantar. Er dette midlar som ein kunne nytte for å gjere livet litt enklare for dei som ferdast i det området vi her har tatt opp?

–Desse postane går ut på mindre tiltak som kan gjere det enklare for gåande og syklande. Det vi snakkar om kan til dømes vere utbetringar av kryss. Det ligg med andre ord ikkje inne midlar til større investeringar, sa Svenn Egil Finden som med det svaret ikkje gjev innbyggarane på Stårheim, som i 20–30 år har kravd at det vert gjort tiltak lang riksveg 15, håp om at det vil skje noko dei første seks åra.

Skuleskyss

Heller ikkje Dina Lefdal, fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, hadde lovnader å kome med.

– Fylkeskommunen har ansvar for skuleskyss, og det gjeld i dette tilfelle skuleskyss til ungdomsskulen på Nordfjordeid og den vidaregåande skulen. Eg kan ikkje kome på at fylkeskommunen har fått klager på utrygge forhold i høve busstopp i samband med skuleskyssen. Dersom vi får slike meldingar blir dei handtert vidare til fylkesmannen, som i så fall gjer sine vurderingar, sa Lefdal som hadde ei god nyheit å kome med.

El-ferje

–Vi har no ute anbod på el-ferje som skal trafikkere sambandet Bramen – Barmsund. Etter planen skal den nye ferja vere i drift frå 1. juni 2019, sa fylkesdirektøren for samferdsle.

Dina Lefdal er fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Foto: Tormod Flatebø