Prosjektleiar Lars Karlsen og byggeleiar for Driftskontrakt Nordfjord Vidar Solheim er godt kjende med at vegen til Heggjabygda er ein gammal og dårleg veg som er utsett for setningar og telehiv. Og for å fjerne problemet med telehiv, burde ein ideelt sett ha skifta masse og etablert eit tjukkare meir frostfritt berelag. Dei seier at det vert ei prioritering kor mykje ein får gjort med drift- og vedlikehaldsmidlane. Det finst mange fylkesvegar som har liknande problematikk, og somme endå verre.

Alle vegane vert om sommaren kvart år målte både på langs og på tvers for å kartlegge vedlikehaldsbehov, som dannar grunnlag for prioriteringar.

Til Møre grense i år

Lars Karlsen opplyser at det i år ifølgje dekkeleggingsplanen skal leggast nytt dekke på Fv. 665, som går frå Heggja bru til Møre grense, ei strekning på 6,6 kilometer og der standarden er svært dårleg. Han forklarer at det i samband med asfaltlegging blir sjekka over vegen i førekant, mellom anna stikkrenner, det er ofte slike plassar underlaget hevar seg ujamt og ein får telehiv.

Karlsen opplyser vidare at strekninga frå Heggja bru og nedover mot Fossebakken, 9,99 kilometer, er sett opp med asfaltdekkelegging i 2019. I forkant av dekkelegging vert vegstandarden vurdert, og det skal gjerast mindre vedlikehaldstiltak i samband med dette arbeidet. Det betyr at Statens vegvesen vil prioritere ein del forarbeid no i 2018. Det vil mellom anna seie noko masseutskifting og forsterking.

På Fv. 664 blei det i 2013 og 2014 lagt asfaltdekke frå Heggja bru til Navelsaker, ei strekning på 9,5 kilometer.

Karlsen fortel også at det er meldt inn behov for rekkverk på Fv. 664 Fossebakken-Navelsaker. Han peikar på at ein stor del av ulukkene i Sogn og Fjordane er utforkøyringsulukker, og at meir og betre rekkverk er noko av det som dei kjempar for å få på plass.

Varierande kvalitet

Solheim og Karlsen forklarer at det i tidlegare tider var vanleg å bruke masse som ein fann i nærleiken når ein bygde vegane, og den kunne vere av varierande kvalitet. No nyttar ein masse som er telefri som berelag når ein byggjer veg.

Ofte er det også slik at det er lagt ned stikkrenner seinare, og i samband med det arbeidet har ein brukt anna masse enn den som har vore der frå før. Ulik type masse oppfører seg ulikt i samband med frost og tining, og det er gjerne slike stader det blir ekstra ille med humpar og dumpar i samband med teleløysinga.

Skal heile vegen bli heilt telefri, må mykje masse skiftast ut. Dette er eit større tiltak som må kome under investeringsbudsjett.

PUNKT: Vegvesenkarane stoppar opp ved eit svakt punkt i Lindvika, som det kan vere aktuelt å utbetre. Foto: Anna Wuttudal