Det sa Helge Eidsnes, regionvegsjef i statens vegvesen Region Vest,  då etaten sist onsdag inviterte til pressetreff for å orientere om store og mindre vegprosjekt i handlingsprogramperioden 2018 til 2023.

E39 Byrkjelo–Sandane

–Vi har blitt kjent med at Statens vegvesen legg opp til å utsetje ferjefri E39 i ytterlegare 17 år–til 2050. Dersom dette er tilfelle, vil det vel vere fornuftig å ruste opp flaskehalsar på E39 i Sogn og Fjordane, som Byrkjelo–Sandane?

– I arbeidet med handlingsprogrammet har det kome innspel om å forsere opprustinga av strekninga Byrkjelo–Sandane på dagens E39. Vi må halde oss til Stortinget sine prioriteringar i Nasjonal Transportplan. Difor er ikkje opprusting av Byrkjelo–Sandane med i den første seks års perioden av handlingsprogrammet, sa Helge Eidsnes, regiondirektør i Statens vegvesen region vest, på Fjordabladet sitt spørsmål.

Fleire tiår

Då Stortinget vedtok Nasjonal Transportplan 2018-2029, var målet, som det har vore i fleire nasjonale transportplanar, at E39 skulle vere ferjefri innan 20 år. I den siste–Nasjonal transportplan 2018–2029, som kom i vinter–var framleis målet at E39 skulle bli ferjefri, men utan at det lenger vart sett nokon tidsfrist. Her er ikkje det Statens vegvesen legg fram i tråd med det Stortinget har vedtatt.

– I og med at trafikken kjem til å gå etter dagens E39-trasé i fleire tiår framover er det vel formålstenleg å forsere vegutbetringa på den aktuelle strekninga, iallfall så lenge at det ein også har lagt inn 1020 millionar kroner til punktvis utbetring av strekninga?

–Som eg allereie har gitt uttrykk for, Statens vegvesen må i sitt handlingsprogram halde seg til dei prioriteringane Stortinget legg til grunn i sine vedtak, sa Eidsnes som la fram ei vegpakke for Sogn og Fjordane i den første seksårs perioden på 5248 millionar kroner. For skredsikring blir det lagt opp til å bruke 1269 millionar kroner. På dette området er det skredsikring i Kjøsnesfjorden i Jølster som reiser med den største delen av midlane. Fjordabladet viser til tidlegare artiklar når det gjeld sjølve handlingsprogrammet

Trong om plassen: Denne strekninga på E39 i Gloppen kommune vert ikkje rusta opp før tidlegast om sju år. Foto: Tormod Flatebø