Les meir om utdanning her

Eit viktig verkemiddel i denne samanhengen er store investeringar i moderne maskinar. I 2017 gjekk skulen til innkjøp av fire nye maskinar, noko som var eit stort økonomisk løft for skulen.

– Inkludert tilhøyrande programvare kjem investeringane på nærare fem millionar kroner, fortel lærar Morten Bjørhovde.

Maskinane som vart innkjøpt i fjor er ei dreiemaskin, ein femaksefres, ei Vass-skjeremaskin og ei kantpresse.

– Dette er store og viktige investeringar for skulen. Skulen prioriterer å ha realistiske maskinar, altså tilsvarande det elevane møter når dei skal ut som lærlingar i bedrift, seier Morten Bjørhovde.

Han meiner at innkjøpet av moderne maskinar gjev store fordelar for elevane, både i skulekvardagen og seinare som lærlingar.

– Det betyr for det første at dei kan lage skikkelege ting på skulen, noko vi ser på som svært viktig. For det andre vil dei ha grunnlaget for å fungere godt som lærlingar i bedrift frå første dag, seier Morten Bjørhovde.

Komande haust satsar skulen på at også elevar som går studiespesialiserande skal få nytte seg av den moderne maskinparken. Då vil ein starte eit nytt programfag, teknologi og forskingslære, for vg 1 studiespesialiserande.

– Her skal elevane blant anna lage fysiske ting som bevegar seg og kan styrast, seier utviklingsleiar Torild Natvik.

Lærar Morten Bjørhovde understrekar at elevane skal lage ting heilt frå grunnen av, men at dette er ein ganske annleis prosess enn for nokre år sidan.

– Før starta gjerne ein god idé med ei teikning på ein serviett. No brukar elevane avanserte digitale modellar på PC-en tidleg i prosessen. Til slutt blir det digitale produktet elevane har utvikla lagt over til ei maskin. Vi har like avansert programvare som næringslivet, så heile prosessen er svært realistisk, seier Bjørhovde.

Lærar Mats Haugland ser programfaget for teknologi og forskingslære ein satsar på å starte opp ved Eid vidaregåande skule til hausten, i nær samanheng med ungdomsskulen sine tilbod om First Lego League og koding valfag.

– Ein kan sjå på faget som ei fortsetjing. Vi ser at elevar som har vore med på First Lego League tar automasjon og programmering lett, seier han.

Elevar som vel programfaget teknologi og forskingslære, vil også få tilbod om faget på vg 2.

Nytt programfag: Utviklingsleiar Torild Natvik håpar at det nye programfaget for teknologi og forskingslære skal skape auka interesse for realfag blant jenter, og bidra til at fleire gutar vel studiespesialisering. Foto: Yngve Tolaas
Høgteknologisk: Elevar lærer å operere maskinar med avanserte styringssystem, tilsvarande dei ein finn i bedrifter. Her ved TIP-elevane John Kristian Yri Hjelle (t.h.) og Kristian Lotsberg. Foto: Yngve Tolaas