Les meir om utdanning her

I byrjinga av februar gjekk teppet ned etter siste førestilling av musikalen «Moulin Rouge», «Den Røde Mølle». Då hadde elevane på musikk, dans og drama jobba med musikalen frå det verdskjende varieté-teateret i Paris i fleire månader. På spørsmål om kva som hadde vore kjekkast delen av jobben, er svaret kort og godt - samarbeid.

– Det har vore mykje jobb over lang tid for å få oppsettinga av Moulin Rouge i mål. Når sceneteppet no har gått ned for siste førestilling, kan vi ikkje anna enn å seie oss fornøgde med resultatet. Å stå på scena og kjenne på reaksjonane frå publikum i salen, er ein ubeskriveleg følelse. Den må opplevast, seier Andrea Vinsrygg Steen, Torstein Tysse Sætevik, Lene Førde og Arild Bjørkelo.

Tre år

Til våren er Andrea, Torstein, Lene og Arild i mål med sine tre år på linja for musikk- og dans på Firda Vidaregåande skule på Sandane. Tre av elevane vi møter siktar mot ei framtidig karriere innan musikk og dans.

– Eg har hatt fire fantastisk flotte år på Firda. Eg starta på studieførebuande, men etter eitt år valde eg å søkje på musikk, dans og drama. Det angrar eg ikkje på, seier Torstein Tysse Sætevik som kjem frå Bulandet. Han er einaste mannebein på linja for dans.

– Å vere einaste hane i korga er heilt ok.

Populær på Bulandet

– Ungdomar frå Bulandet må reise ut og bu på hybel uansett kva skule dei måtte velje. Dei vidaregåande skulane i Førde og Florø er nærmare, men mange ungdomar frå Bulandet vel Firda på Sandane. Kvifor det er slik har eg ikkje nokon godt svar på. For eigen del vil eg seie at det er noko veldig bra ved denne skulen. Eg trivst veldig godt. Det er lite stress, ein føler seg trygg og det er viktig. Skulemiljøet er svært godt. Det same kan eg seie om miljøet utanfor skulen. Ein føler seg velkomen, seier Torstein som meiner han er den einaste guten frå Bulandet som har gått på linja for dans.

Satsar på musikk

–Ønskjer du å skape deg ei framtid innanfor musikk, dans, eller for den del drama, så er Firda vgs. det einaste alternativet på vidaregåande skule nivå her i fylket. Slik var det for meg, seier Lene Førde, frå Byrkjelo. Lene spelar saksofon, og hadde ein sentral rolle i skulemusikalen, som Harold Ziedler, eigaren av varietéteateret «Den Røde Mølle».

–Sjølv om det var masse jobb og mange seine kveldar for å kome i mål med musikalen, så ha dette vore så inspirerande at eg har lyst til å utfordre meg sjølv på dette området. Før eg går vidare med utdanninga innan musikk kjem eg til å ta eit år på musikallinja ved Ringerike Folkehøgskule på Hønefoss, seier Lene som tykkjer synd i elevane på studieførebuande og idrett som ikkje har fått vore innom musikk, dans og drama og fått med seg dei store opplevingane.

–Som tidlegare sagt så har det vore travelt, men det er inspirerande å jobbe når alle som er med vil få det så bra som mogleg. Vi hadde ei dårleg generalprøve, men det er jo slik det skal vere for å få ein strålande premiere, seier Lene som vart veldig inspirert av publikum.

–Å høyre publikums latter på dei rette stadane i stykket, og applausen, gjer noko med deg. Når det er slik, er det berre å køyre på og gje alt du har, seier Lene som vil utdanne seg som musikkterapeut ved høgskulen i Bergen.

Profesjonell musikar

Arild Bjørkelo, frå Byrkjelo, spelar klassisk slagverk. Om vel ein månad skal den talentfulle ungdomen prøvespele for opptak ved Griegakademiet i Bergen.

– For meg starta det heile på ein basar med Breim skulekorps, der eg seinare spelte trommer, seier Arild som legg til at han har hatt stort utbytte av sine tre år ved Firda.

–Det viktigaste for meg er at eg har hatt ein svært god lærar her ved skulen, seier han.

Vakse opp med opera

Andrea Vinsrygg Steen, frå Stryn, har blitt flaska opp med opera. Difor var det kanskje ikkje så underleg at ho starta på musikklinja ved Firda.

– Sjølv om eg stryning, så har eg vakse opp med Opera Nordfjord på Eid. Eg har også vore så heldig at eg har fått vere med på to av oppsettingane. Den første var «Carmen» i 2009. Den andre oppsettinga eg var med på var «Søner av Sola» nokre år seinare. Min plan var å utdanne meg til operasongar, seier Andrea, som etter tre år på musikklinja på Firda ikkje er heilt sikker kor vegen går vidare. Det er kanskje naturstridig at det er ein opera i Nordfjord, men ikkje mindre kjekt av den grunn. Personleg kunne eg godt tenkt meg å vere ein del av operamiljøet, seier ho.

– Opera Nordfjord er viktig for miljøet ved skulen. Kvart einaste år får vi gratisbillettar til generalprøven. Skulen kan vere viktig for Opera Nordfjord, samstundes som Opera Nordfjord er viktig for både elevar og skule, seier Lene Førde.

Skulemiljøet

Om nokre månader er det skuleavslutning for våre fire elevar. Alle fire, to hybelbuarar og to heimebuande, meiner ein skal leite lenge for å finne eit skulemiljø som er så bra som ved Firda.

– Frå skulen si side er alt lagt vel til rette for at vi skal vere trygge og trivast. Det er ein styrke for heile miljøet.

Dansar: Torstein Tysse Sætevik, frå Bulandet, er den einaste mannlege dansaren på linja for dans ved Firda vidaregåande skule. Foto: Hans Grasli
Harold Ziedler: Lene Førde som Harold Ziedler, eigar av Moulin Rouge. I tillegg til rolla spelte også Lene saksofon. Foto: Hans Grasli