Vi nyttar høvet til å finne ut litt meir om kva klubben driv med og ber klubbleiar Yngve Kjørstad om ei kort orientering.

Skape eit miljø

–Føremålet med klubben er å skape eit miljø for bevaring av motorkøyretøy som er eller kan bli av teknisk/historisk interesse, og bevare desse i best mogleg original stand. Klubben har 54 medlemmar som eig eller er interesserte i køyretøy som er meir enn 30 år gamle. Vi reknar både bil, buss, lastebil, traktor, motorsykkel og moped som køyretøy.

Også for kvinner

–Det er ikkje mange kvinner eller ungdomar på årsmøtet. Er klubben berre for menn?

–Slett ikkje! Vi har ein del unge medlemmar, men dessverre ingen kvinnelege. Dei er hjarteleg velkomne til å vere med oss. Det er berre å stikke innom oss på Saga på Langeland, det er klubbhuset vårt. Der har vi møte for medlemmar og andre veteraninteresserte første onsdag kvar månad kl. 19 og eit par timar utover. Vi har slike møte frå april til og med august. Vi har samla stor kompetanse om køyretøy i klubben og vi likar godt å prate om slikt.

Eige køyretøy?

–Må du ha ditt eige veterankøyretøy for å vere medlem?

–Det treng du ikkje, men etter ei tid i klubben skaffar dei fleste noko dei kan køyre med. Om sommaren er det no det som er stas, å cruise rundt på vegane i ein veteran.

–Kven sit i styret for klubben?

–Der er Sæmund Ytrehus kasserar, Per Bergheim, Jakub Kosiński og Svein Mikal Vidnes er styremedlemmar, Nils Ola Strand er sekretær, Geir Kjøde er nestleiar/arrangementsleiar og eg er leiar for klubben.

Eidamessa

–Kva arrangement skal de ha denne veteransesongen? Vi stiller spørsmålet til nestleiar Geir Kjøde.

–Vi startar med dei månadlege klubbkveldane våre på Saga i april. Utover sommaren skal vi på «garasjebesøk» og sjå innom folk som restaurerer bilar og bilinteriør. Så vert det sikkert ein tur eller to ut av bygda for å sjå kva andre veteraninteresserte styrer med.

«Cars & Coffee»

–Dette er vel mest for medlemane. Skal de ikkje vise fram køyretøya dykkar?

–Det skal vi sjølvsagt. Frå mai til september arrangerer vi «Cars & Coffee» i Eid sentrum der alle kan sjå køyretøya våre. Vi startar med dette laurdag 12. mai om det er nokolunde ver. Dette gjer vi den andre laurdagen i månaden heilt fram til august. Elles er det Nordfjordløpet som er det store hovudarrangementet vårt. Dette vert arrangert under Eidamessa i september. Først har vi utstilling, deretter køyrer dei som vil ei rute med innlagde postar og oppgåver som skal løysast før deltakarane rullar i mål. Vi brukar ha 40-50 køyretøy på utstillinga og 25-30 som køyrer sjølve løpet. Alle som deltek i Nordfjordløpet får kaffikrus, vinnarane får fine premiar.

Utfordrande

–Korleis er det å arrangere billøp når Eid sentrum kryr av folk og andre bilar?

–Det kan vere utfordrande. Først og fremst har det vist seg vanskeleg å få tak i funksjonærar som kan vere på postane og notere poeng. Så om nokon på Eid kan avsjå eit par timar til å hjelpe oss under Eidamessa, vert vi utruleg takksame. Det er berre å ta kontakt med meg, avsluttar Geir Kjøde.

Klubbleiar: Yngve Kjørstad er klubbleiar i NMK. Foto: Privat
Arrangement: Geir Kjøde er leiar for NMK sine arrangement. Foto: Privat