Ordførar Stein Robert Osdal (KrF), seier i ei pressemelding at han er godt nøgd med at Selje kommune nok ein gong kan legge fram eit bra resultat .

– I det framlagde resultatet ligg det bruk av 2,5 millionar kroner frå disposisjonsfond, slik at reelt resultat er eit mindreforbruk (overskot) på 12,9 millionar kroner, seier ordføraren som vidare opplyser at kommunerekneskapen for 2017 ikkje er revidert, og at det kan kome endringar fram til Selje kommune legg fram ein revidert rekneskap.

– Uansett så er det svært gledeleg at rekneskapen for Selje kommune nok ein gong viser solide tal og at vi får eit godt overskot, seier han.

Alle rammeområde

–Alle rammeområda viser god budsjettdisiplin og har mindre forbruk på sine einingar enn det som var budsjettert. Dette viser at Selje kommune har gjennomgåande god økonomistyring der alle tenesteleiarar og tilsette er lojale mot dei økonomiske måla som er sett i budsjetta, seier ordføraren i pressemeldinga, der han også gjev ros til alle tilsette i kommunen.

23 millionar

– Eg vil gje ros til alle tilsette, tenesteleiarar og rådmann for dette og resultatet. Resultatet gjev Selje kommune mogelegheiter for å løfte fleire viktige positive utfordringar for kommunen framover. Vi har store løft framføre oss. I den samanheng er det viktig at å ha ein økonomisk buffer til å kunne satse, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal og legg til at Selje kommune no har eit disposisjonsfond på cirka 23 millionar kroner.

Oppvekst

Oppvekst er det rammeområdet som har det største økonomisk positive resultatet. Oppvekst har eit mindreforbruk i høve budsjettet for 2017 på 4,6 millionar kroner. Helse- og omsorg hadde eit mindreforbruk på 2,163 millionar kroner, medan drift og utvikling brukte 1,862 millionar kroner mindre enn budsjettert. Også politikk og sentraladministrasjon bidrog til det positive resultatet med eit mindreforbruk på 2,059 millionar kroner.