Sidan 2006 har ein arrangert Påsketreffet på Nordfjordeid, og 27. mars er det igjen duka for nok eit treff. Dette er både for dei som er interessert i å flytte heim, som er på jakt etter ny jobb på kort eller lang sikt, eller som er interessert i å knyte band for å skape noko nytt.

Ikkje stand

– Nytt i år er at vi ikkje skal ha dei tradisjonelle standane. Vi skal i staden dele opp i fem-seks område, der for eksempel nytenking er eit område. I år legg ein endå større vekt på relasjonsbygging, og ønskjer at folk skal snakke meir saman. Vi vil ha fokus på rekruttering og etablering, og skal ha ei viss oversikt over ledige stillingar, seier Hjelmeland, som sit i prosjektgruppa til Påsketreffet.

– Bli kjend

Bak Påsketreffet står Stad 2020, Stad Vekst, Malakoff Rockfestival, Nordfjordeid Næringshage og Eid kommune.

– Bli kjend med folk og næring i Nordfjord, oppfordrar prosjektgruppa. Det sosiale står sterkt under Påsketreffet. For mange har det vorte tradisjon at Påsketreffet er ein del av det å vere heime i påska.

– Vi ønskjer også at næringslivet i Eid, Selje og Bryggja skal bli meir kjende med kvarandre. Det er ein gevinst med det å ha Påsketreffet. Om ein ikkje snakkar saman er det sjeldan ein kan finne på noko saman, seier Hjelmeland.

Musikk og mat

Tidlegare år har Malakoff brukt Påsketreffet som ramme rundt lanseringa av alle banda dei har på plakaten. I år kjem påska tidleg, Malakoff treng lenger tid på å få alle brikker på plass, men kjem til å lansere det dei har så langt.

– Det vert også mykje god mat. Leon Knapskog frå Aske, Øyvind Bjørlo, Adrian Lefdal i Stryn, Kraftstasjonen i Måløy og Stad Kystmat vil vere på plass og servere delikatesser, fortel Hjelmeland.

Naturleg

– Vi oppfordrar bedrifter og kommunar om å bli med på dette Nordfjordtreffet, og vi ønskjer å ha med både private og offentlege verksemder. Alle kan melde seg på via Stad 2020. Folk har behov for å snakke saman, og dette er ein av moglegheitene som ligg der. Det er ikkje så mange tilsvarande arenaer lokalt, seier Hjelmeland.

– For bedriftene i Selje og Eid er det no naturleg å markere samarbeid. Då er det mykje meir meiningsfylt å vere med, seier Olav Steimler i Stad Vekst/Ervik havfiske.

Samarbeid: – For bedriftene i Selje og Eid er det no naturleg å markere samarbeid, seier Olav Steimler i Stad Vekst /Ervik havfiske. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes