Tomta ligg på fjellplatåen Kjerringa, også kjend som Vestkapp, med spektakulær utsikt rett i havet.

Tomta som no er lagt ut for sal er på 5.560 kvadratmeter. Dette er nabotomta til serveringsstaden på Vestkapp, som vert opna opp igjen no i mai.

Selje kommune sel tomta med ei prisforslag på 210.000 kroner, og har du drøymt om å eige ditt eige fjellplatå med utsikt så kan dette vere noko for deg.

Kommunen reklamerer med at tek ein turen hit vil ein kunne oppleve flate vidder, bratte skrentar og imponerande panoramautsikt til mellom anna Sunnmørsalpane i aust og Hornelen i sør.

Tomta ligg i eit område som er regulert til overnatting og servering.

Kommunen har gjort vedtak om at tomta skal seljast med ein klausul om at det innan to år etter at det er signert kontrakt, skal vere oppstarta etablering i samsvar med gjeldande reguleringsbestemmingar.