– Stor stas, og ein klapp på skuldra til alle som var med på den store Malakoff-dugnaden, fastslår ein svært fornøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Juryen meiner

Juryen si grunngjeving seier det meste: «Malakoff Rockfestival er eit fyrtårn for rock i vestlandsregionen. Festivalen leverer kunstnerisk innhald av høg kvalitet til eit stort publikum. Barn, ungdom og vaksne fekk sommaren 2017 oppleve eit ekstraordinært artistprogram på tettstaden Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. Malakoff er i dag ein av landets største festivalar, og ein institusjon som skapar identitet, enorm stoltheit, dugnadsinnsats som er heilt i særklasse og bulyst i Distrikts-Norge.»

Vunne to gongar

Det er bransjen sjølv med Norske Konsertarrangører som står bak kåringa. Dei har sidan 2001 delt ut kollegaprisar til dyktige arrangørar i medlemsmassen.

Fredag 2. mars er det klart for prisfest med høgthengande kåringar frå konsertåret 2017.

– Det var ikkje forventa at vi skulle vere ein av fem finalistar, men det er svært kjekt, seier festivalsjef Naustdal.

Malakoff vart årets festival både i 2004 og 2005, då som ganske nye i bransjen. I 2010 vart dei også nominert, men har ikkje sidan det vore nominerte før no.

Stor utvikling i bransjen

– Festivalbransjen har utvikla seg stort. I dag er det omtrent ein festival i alle bygder ellerbyar. At vi er den einaste bygdefestivalen som er nominert er ein større prestasjon enn tidlegare, og så er det også kjekt å vere nominert saman med Øyafestivalen og Jugendfest i Ålesund, seier Naustdal. Dei andre nominerte festivalane er Orslo World og Tons of Rock i Halden.

Prisgitt dei frivillige

– Å vere ein av fem finalistar er ei anerkjenning av det arbeidet vi legg ned, og at vi blir lagt merke til. Det er veldig kjekt, ikkje minst fordi det er ein fagjury som har valt oss ut, seier festivalsjefen. Han meiner Malakoff fortener å vere finalist.

– Vi klarer å samle så mykje folk på ein så liten stad som vi gjer. Kvart år jobbar vi intenst for å gjenskape magien vi har opplevd tidlegare. Det er små marginar, og det er ikkje sjølvsagt at vi har ein festival som Malakoff på Nordfjordeid. Med utandørsfestival driv vi i risikobransjen, men Malakoff er ein av dei mest sosiale fundamenta vi har. Men vi skal ikkje ta for gitt at våre frivillige stiller opp år etter år, seier Naustdal. Han påpeikar at Malakoff er prisgitt dei mange frivillige som stiller opp for festivalen.

Bookar fleire namn

Malakoff er i full gang med å booke siste banda til sommaren.

-Vi har booka fleire namn enn dei vi til no har offentleggjort. Vi pleier å sleppe resten av namna på plakaten under Påsketreffet, men påska kjem tidleg i år, og vi treng meir tid. Då kan vi også plukke opp endå meir av dei no sit på gjerdet, fortel han. Unge Ferrari og Gåte er av dei siste namna på plakaten dei har gjort kjende.

– Vi er godt i rute med bookinga, og vi skal ha ei god blanding. Rockeprofilen er der, men vi har alltid hatt noko for alle, slik som vaksne artistar som Hellbillies, Åge Aleksandersen og Ulf Lundell for dei eldre, som viste seg at dei unge likte like godt. Noko liknande kjem vi til å ha i år også. Vi vil ha noko for alle, påpeikar han.

Snart begynner også jakta etter frivillige.

– Det er eit stort apparat som skal på plass, og eg håper inderleg folk er like positive til å stille i år, seier festivalsjefen

I rute: – Vi er godt i rute med bookinga av band til sommaren, og skal ha ei god blanding for alle, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes