Vi benkar oss framfor tv-skjermen for å få med siste nyhende frå OL i Pyeongchang i Sør Korea. Våre toppidrettsutøvarar med norsk flagg på brystet er i toppform, og sankar inn medaljar i hopetal. Er det noko vi likar er det å sjå nordmenn som gjer det godt i vinter-OL. Då er dei våre. Og no går det også mot medalje-rekord.

I helga sikra både det kvinnelege og mannlege stafettlaget i langrenn det edle gullet for Norge. Undervegs såg det heilsvart ut, og at det ikkje skulle gå Norge sin veg – før det heile snudde, pulsen vår auka i takt med spenninga vi fekk med oss frå OL.

Når vår eigen nordfjording Johannes Thingnes Bø fell gulltårer etter å ha blitt olympisk meister – gjer det oss rørte og ikkje minst mektig stolte. Prestasjonen han viser når det verkeleg gjeld er til stor inspirasjon for våre lokale unge skiskyttarar, men også for barn og unge i andre sportsgreiner. Det viser at det går an å kome frå ei lita bygd i Nordfjord og rett og slett bli olympisk meister. Ingenting er umogleg.

Dette kan ein også ta vidare til vårt lokale næringsliv. Rådgjevingsfirmaet Sødermann starta med ein mann for få år sidan. I dag er dei tjue tilsette, og har nyleg vore både på karrieremesse i Trondheim og Bergen for å jakta etter endå fleire nye medarbeidarar. Dei held fram å vekse og har store visjonar.

Vi har også andre lokale verksemder som har store vyar og kraftfulle idear. Ved å satse og ha trua på eit produkt eller arbeidet ditt kan du nå langt.

I avisa i dag kan du lese om Påsketreffet som skal arrangerast i Operahuset. Det er få andre liknande arenaer der ein kan kome saman og bli kjende med folk og næring i Nordfjord. Men då er det viktig at trauste nordfjordingar torer å vere opne, mingle og snakke saman. Kanskje kan det på sikt føre til nye, spennande satsingar i Nordfjord.