Ved utgangen av desember var det 5 571 personar i Sogn og Fjordane som tok i mot uføretrygd. Dette er 108 fleire enn i desember i fjor og svarar til ein auke på 2,0 prosent. På landsnivå er det ein auke på 7 631 personar, tilsvarande 2,4 prosent.

– Innstrammingar i reglane for arbeidsavklaringspengar (AAP) er noko av årsakene til auken i talet på uføretrygda. Demografiske endringar spelar også ei rolle. Vi trur difor at auken vil halde fram i tida framover, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Størst auke blant yngre

Samanlikna med desember 2016, er det størst auke i talet på uføretrygda i aldersgruppene  18-29 år og 30-39 år. I desse gruppene er det ein auke på høvesvis 11,4 og 9,2 prosent. I aldersgruppene 40-44 år og 60-64 år er det ein reduksjon på høvesvis 4,8 og 3,1 prosent.

– Dei siste åra har det vore ein tendens til at talet på uføre i dei ynge aldersgruppene aukar, mens det blir færre i de eldre aldersgruppene. Denne utviklinga skuldast delvis avviklinga av ordninga med tidsavgrensa uførstønad. At det er blitt fleire unge uføre over tid, må også sjåast i samanheng med at fleire med alvorlege sjukdommar overlever lenger på grunn av betre medisinsk behandling, seier Thorsnes.

Liten auke i prosentdel uføre i befolkninga

I Sogn og Fjordane er det 8,3 prosent av befolkninga i aldersgruppa 18-67 år som tek imot uføretrygd, det er ein auke på 0,2 prosentpoeng frå desember i fjor. På landsnivå har prosentdelen uføre auka frå 9,5 til 9,6 prosent.

Éin av tre nye med gradert uføretrygd

I Sogn og Fjordane var det per desember 2017 22 prosent av dei uføretrygda som hadde ein gradert trygd, det same som i desember 2016. På landsnivå hadde 17 prosent gradert uføretrygd, også det det same som i desember 2016.

Av dei nye mottakarane av uføretrygd i 2017, hadde 30 prosent ein gradert uføretrygd. I 2016  var talet 29 prosent. På landsnivå er prosentdelen uendra på 25 prosent.