Selja bispedøme vart oppretta som eit av fem bispedøme i 1068 og hadde sitt sete på øya Selja i Selje kommune. I 1170 vart bispedøme flytta til Bergen.

–Selje kommune og kyrkja den Norske har hatt ønske om å markere 950 års jubileum på ein høveleg måte sommaren 2018, og derfor er det svært gledeleg at H.M Dronning Sonja besøker oss denne dagen, seier ordførar Stein Robert Osdal i ei pressemelding.

Seljumannamessa

Feiringa vil finne stad i samband med den tradisjonelle Seljumannamessa som vert arrangert kvart år på Seljeøyna den næraste søndagen til 8. Juli.

–Selje kommune er svært takksame for besøket og Selje kommune og eg som ordførar ser fram til å vere vertskap  og vise fram den flotte kommunen og når Dronninga kjem til Selje, seier Osdal og legg til at Selje kommune og komiteen for Seljumannamessa vil legge opp til eit variert og godt program i tillegg til den tradisjonelle gudstenesta på klosterøya.

Programmet for Dronningens besøk er ikkje klart, og vil bli kunngjort på eit seinare tidspunkt.