Frå dei gamle NCT-travarane i Longhorn og G. Thomas, til nykommarane i Dylan Earl og Nashville Skyline, frå superstjerna Tanya Tucker til unggutane i Get Rhythm.

– Vi i Norsk Countrytreff gjer alt vi kan for å femne vidt – både artistmessig og publikumsmessig. Vi tilbyr countrymusikk for alle, frå dei aller minste i barnehagen, til dei aller eldste på eldretun og på aldersheimen i kommunen. Frå sentrumskonsertar og kyrkjekonsert til intimkonsert i Frislidlada. Og midt i blant alt dette, finn ein tilbodet til ungdom og vaksne på arenaen på Norsk Fjordhestgard – under Norsk Countrytreff. Og også i år har vi gått nation wide i tillegg til internasjonalt, seier Arve Kleppe i ei pressemelding.

Lokale og norske

– Av lokale band frå Sogn og Fjordane kjem våre musikalske vennar i ’Longhorn’. Frå Hordaland har vi henta ‘Håvard Skåtun’ og ’Gunslingers’, medan Møre og Romsdal stiller med ‘Sivert Bjørdal’, ‘Vassendgutane’ og ‘Rotlaus’. Aust-Agder stiller med ’G. Thomas’, og frå Oppland hentar vi ’Get Rhythm’, ‘Hege Øversveen’ og ‘Terje Iversen’. Rogaland mønstrar ‘Hanne Sørvaag’, medan Buskerud stiller med ‘Steff Nevers’. Også Akershus/Oslo har fått lov å bidra musikalsk i år, med ’Fat Fred & The Possumhunters’.

– Alle desse er med på å gjere Norsk Countrytreff til nettopp det – NORSK Countrytreff. 13 norske band, der nokre står fram som dei beste i sin sjanger, medan andre er unge, svoltne og klare for å levere stor country til eit kresent publikum. Men vi er ikkje Norsk Countrytreff utan å invitere utlandet inn til oss!

Skandinavia og USA

– Frå Sverige har vi endeleg fått kloa i ‘Willy Clay Band’ igjen, og frå Tyskland kjem ‘The Tumblin’ Groove’ for å vise oss kva country betyr i surkålens rike, seier Kleppe i pressemeldinga.

– Men også USA har fått lov å bidra på årets countrytreff, og frå ”Over There” finn vi bluegrassbandet ’Nothin’ Fancy’ frå Virginia, den unge og framstormande artisten ‘Dylan Earl’ frå Louisiana, og dei legendariske musikarane frå Music City – ‘Nashville Skyline’.

Rosinen i pølsa

– Og så sjølvaste rosina i pølsa, då – ‘Tanya Tucker’, superstjerna frå Seminole Texas, som tok verda på senga som 13-åring i 1972, og som har heldt det gåande med same stemmeprakt i 46 år.

– Samanfatta vågar vi påstanden om at Norsk Countrytreff i 2018 har treft alle som føler at dei har eit forhold til country i form av bluegrass, folk, americana, outlaw, festcountry, norsk country, honky-tonk, roots, folkrock, rockabilly, countryrock, outlaw og. vel. country. Dette skjer altså på vesle Breim – i Gloppen kommune. I juli. Igjen. For 24. gang, seier Arve Kleppe.

Countrytreff: Steff Nevers Foto: Pressefoto
Amerikansk Stjerne: Tanya Tucker blir rosinen i pølsa på årsets Countrytreff. Foto: Presseforo