Det er særleg doble graver det kan bli mangel på ved eksisterande gravplass ved Kjølsdalen kyrkje. Difor vil kyrkja no sikre seg areal mot sør, der ein vil få om lag 0,9 mål regulert til gravplassføremål.

I dag er det rundt 360 graver på gravplassen, på eit areal av 3,5 mål. Arbeidet med detaljreguleringsplan vil no starte opp, og ein reknar med at det praktiske arbeidet kan starte opp i 2019.

Mange doble graver

Det nye området vil særleg innehalde doble graver. I praksis vil her bli rundt 30 doble graver og 30 enkle graver. Då ei dobbel grav tilsvarar areal til to enkle graver.

Frå investeringsbudsjett

Det er enno ikkje klart kva utviding av gravplassen vil koste. Men i utgangspunket skal den finansierast av investeringspengar som ligg inne i kyrkja sitt budsjett. Det er reglar for korleis ein gravplass skal etablerast, både ved omsyn til grunnen og jordsmonn. Det må også murast opp mot riksvegen for å få terrenget flatt.

Ikkje prekert

Kyrkjeverje Kristen Hundeide seier at det ikkje vil bli akutt mangel på gravplassar i Kjølsdalen, men at ein no må tenkje framover.

–Held folketalet same utvikling framover skal vi klare å halde tritt med tilbod om nye gravplassar med den utvidinga vi no planlegg, seier Hundeide. Den nye gravplassen vil  grense mot gang- og sykkelvegen med ein avstand på 6,5 meter. Mot aust vil den grense mot leikeområdet til Kjølsdalen montessoriskule og barnehagen.

God plass elles

Ved dei andre gravplassane i Eid kommune er det ikkje trong for utviding. Ved Stårheim kyrkje vart gravplassen utvida nyleg, og på Stokkenes skal ein ha kapasitet i mange år framover. Også ved Sambraut på Naustdal og i Heggjabygda vil det vere nok gravplass framover.

Ferdig med kyrkjene

Eid kyrkjelege fellesråd har dei siste åra hatt fokus på vedlikehald av kyrkjene. Dette arbeidet er no for det meste fullført, og ein kan satse på andre investeringar, som til dømes gravplassen i Kjølsdalen. Sist gravplassen der blei utvida var i 1980, då ein fekk eit areal med fleire gravplassar vest for kyrkja.