–Vi reagerer også sterkt på at Pasientreiser som organiserer reisene, berre kan nåast på dyre femsifra nummer. Det er ei ordning styresmaktene ikkje lenger godtar frå private bedrifter, då kan dei ikkje halde fram med det sjølve, seier Trude Brosvik, fylkesleiar i Sogn og Fjordane KrF.

«Tilskot»

Helse- og omsorgsdepartementet innførte nye forskrifter for pasientreiser gjeldande frå 01. oktober 2016. Der er mellom anna «dekking» av reiseutgifter gjort om til «tilskot» til pasientreiser.

–Dette er ei uheldig utvikling som opnar for stadig lågare tilskot, og at det er personane sjølve som har ansvar for kostnaden. KrF meiner vi framleis skal ha ordningar gjennom skatt som om fordeler og jamnar ut mellom distrikt og tettstad, rik og fattig, seier Brosvik

Tretti prosent

Når berre 30 prosent av dei som har rett på refusjon for reiseutgifter, krev dekking, må det bety at det er for høg terskel. For mange i vårt fylke vil det vere vanskeleg å kome fram og tilbake til sjukehus med å bruke offentleg kommunikasjon. Forskrifta har ingen avgrensingar på kva ventetider ein må godta innanfor eit døgn, og bruk av bil må dokumenterast. Det er difor grunn til å tru at mange køyrer sjølv, eller får pårørande til å køyre, for slik å sleppe slitasjen ein lang dag vil vere. Sidan ein ikkje har rett på ledsagar, vil ein naturleg nok ikkje sende krav. Dersom ein har rett på taxi, så må ein akseptere inntil tre pasientar i bilen. Det er greitt, viss det ikkje medfører at reisevegen blir uforholdsmessig lang. Det er fleire døme på at det har skjedd, seier fylkesleiaren.

Brukt rett

–Vi meiner det er viktig å ha system som sikrar at fellesskapet sine midlar blir brukt rett, men KrF meiner det politisk må sjåast på desse reglane slik at dei fungerer for dei det gjeld, og særleg at dei ikkje gjer det endå vanskelegare for dei som bur slik til at dei har lang reiseveg. Vi meiner staten ikkje kan vere bekjent med ei pasientreise-dekking som kan mistenkjast for å spekulere i at folk ikkje orkar å krevje dekking av utgifter, seier Trude Brosvik.