Onsdag denne veka blei fylkesmeisterskapen i yrkesfag arrangert i Sogndal. Der 133 elevar konkurrerte i til saman 20 ulike fag.

Frå Eid vidaregåande skule var seks elevar med, der to av dei konkurrerte solo. Medan dei fire andre var med som som par. Både innan faga automasjon, industriell møbelproduksjon, Vg2 Design og dataelektronikarfaget gjekk Eid vidaregåande heilt til topps.

Best i automasjon

Innan faget automasjon var det Ingar Hjelle og Ole Kristian Vedvik som fekk ein 1. plass. Dei konkurrerte i ei klasse der det var åtte andre deltakarar, alle frå Eid vidaregåande skule.

Til topps i møbel

Innan programfaget Vg2 Industriell møbelproduksjon var det Audun Henden frå Eid vidaregåande som blei best. Han konkurrerte mot seks andre deltakarar, der alle kom frå Eid vidaregåande skule.

Dataelektronikar

I konkurransen Vg3 dataelektronikar var det Michael Berg og Mathias Øvreseth som gjekk til topps. Dei konkurrerte mot seks andre elevar, der to av dei kom frå Eid vidaregåande og fire frå Sogndal vidaregåande.

Design og handverk

Ingrid Alpen er elev ved Vg 2 Design, og blei best i dette programfaget, i konkurranse med fem andre elevar, alle  frå Eid vidaregåande skule.

28 elevar frå Eid

Til saman var det 28 elevar frå Eid vidaregåande skule som var med i konkurransen. Dei konkurrerte også innan Vg2 Elektrikarfag og Vg2 Sveising.

Åtte skular

Til saman var det åtte skular med yrkesretta programfag med i konkurransen.

Det var Sogndal vidaregåande med 35 elevar, Mo og Øyrane vidaregåande (28), Eid vidaregåande(28), Stryn vidaregåande (13), Flora vidaregåande (12), Måløy vidaregåande (9), Høyanger vidaregåande (2) og Årdal vidaregåande med to elevar.

Frå Måløy vidaregåande gjekk Julie Nilsen Sundal frå Kjølsdalen til topps i Helsearbeidarfaget, i samarbeid med tre andre elevar.

Mathias Øvreseth (t.v.) og Michal Berg blei best i programfaget dataelektronikk. Dei konkurrerte mot seks andre elevar, to frå Eid og fire frå Sogndal.
Ingrid Alpen er elev på Vg2 Design ved Eid vidaregåande skule, og vann fylkesmeisterskapen i yrkesfag i konkurranse med andre designelevar.
Audun Henden til topps for sitt arbeid innan industriell møbelproduksjon.
Julile Nilsen Sundal (t.v.) frå Kjølsdalen er elev ved Måløy vidaregåande. Saman med laget gjekk ho til topps i konkurranse mot fire andre skular, og til saman seksten elevar.