Det var i går kveld at Statens vegvesen hadde kontroll av tunge køyretøy i Hornindal, Stryn og Kjøs.

Der det viste seg at to yrkessjåførar ikkje hadde yrkessjåførkompetanse. Dei vart anmeldt for dette, og får ikkje køyre lastebil før kompetansekurs er gjennomført. Og bevis for dette blir påført førarkortet.

Ein sjåfør blei anmeldt for brot på køyre- og kviletida.

Tre sjåførar måtte fjerne gjenstandar i frontruta før vidare køyring.