Tannhelsa til barn og unge i Eid er svært god, og langt over landsgjennomsnittet. Fylkesdirektør Clara Øberg fullrosar den offentlege tannhelseklinikken på Nordfjordeid, og meiner Eid tannklinikk er svært veldriven. Gode resultat kjem ikkje av seg sjølv, men som følgje av det offensive arbeidet klinikken gjer.

I det siste har det vore ein diskusjon etter at ein politikar frå Vågsøy kom med påstandar om at Eid og Selje har jobba aktivt for ei nedlegging av den offentlege tannklinikken i Måløy.

No reagerer fylkesdirektør Clara Øberg på dette. I dagens avis seier ho at dette er heilt feil, og at ho aldri har opplevd at Eid har stilt seg slik at dei karar til seg.

Vi registrerer at det er ulike signal frå fleire hald i Nordfjord, og det har det vore lenge. Det kan verke som om Eid skal vere rause med alle, men vi minner om at Eid kan ikkje gi frå seg underbroka. Dei må også kunne krevje, om ikkje blir det heilt feil.

For oss verkar det naturleg at når Selje og Eid blir slått saman i ein kommune frå 2020, så er det naturleg at pasientane frå Selje får velje å bruke tannklinikk på Eid, og ikkje at dei må dra til Måløy.

Vi forstår at måløyværingane fryktar for tannklinikken sin eksistens om dei mister pasientane frå Selje, og eventuelt Bryggja. Men for seljeværingane må det vere naturleg at dei sjølve får velje om dei vil til tannlege i sitt nye kommunesenter Nordfjordeid.

Går ein inn i ekteskap med nokon er det naturlege gode som bør følgje med.