Vereide er fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet, og er ein av mange i partiet som reagerer på det som blir oppfatta som eit linjeskifte i innvandringspolitikken. Dette linjeskiftet har ikkje minst blitt fremma av stortingsrepresentant og innvandringspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Masud Gharahkhani.

– Eg er kritisk til det som ser ut til å vere eit retorisk linjeskifte. Det blir heilt feil om Arbeidarpartiet skal vere dei som overbyr Framstegspartiet og Høgre i å ha den mest firkanta innvandringspolitikken, seier Vereide.

Einig i mykje

Han understrekar at han er einig i nokre av dei konkrete tiltaka som er fremma, blant anna når det gjeld asylinstituttet.

– Alle ser at det er svært uheldig at folk legg ut på livsfarlege reiser, blant anna over Middelhavet, for å kome seg til eit trygt land. Asylsystemet fungerer ikkje slik det skal, så her må det gjerast noko, meiner Vereide, og legg til at talet kvoteflyktningar til Norge bør aukast.

– Her er eg heilhjarta einig med Venstre, som fekk gjennomslag for dette i regjeringsforhandlingane, seier han.

Vereide er mest skeptisk til endringa av retorikken i innvandringspolitikken.

– Eg er heilt ueinig med dei som vil legge meir vekt på å bruke ord som «streng» om innvandringspolitikken. Vi må heller ha med kjerneverdiane til partiet vårt og vise solidaritet i både vedtak og ordbruk, meiner Vereide.

Han meiner likevel det er grunn til optimisme

– Før var mange negative til å få innvandrarar til sin kommune. No er det bortimot det motsette. Denne haldningsendringa kjem av gode erfaringar, og ikkje minst i distrikta. Her har innvandrarar bidrege positivt i lokalsamfunna våre. I alt frå frivillige organisasjonar til arbeidsliv. Så er det òg ein bonus at vi oppretthalde busetnaden vår. Vi har jo bruk for folk, seier Vereide, som legg til at det er på tide å ta bort kontantstøtta.

– Kontantstøtta har bidrege til at mødrene blir ståande på utsida av arbeidslivet og borna på utsida av barnehagen. Dette er viktige møteplassar som gir dei ein betre sjanse til å lære språk, møte venner og bli ein del av eit større fellesskap, seier fylkestingsrepresentanten.